sponsor_valdres.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS

major.jpg
sponsor_ofk.png

ARTISTAR 2019

ELDBJØRG HEMSING

Fiolin

I Noregs rike musikktradisjon er Eldbjørg Hemsing ein av dei fremste utøvarane, og namnet hennar har vore kjent i heimlandet frå ho som 11-åring hadde sin solodebut med Bergen Filharmoniske Orkester. Ho studerte med Boris Kuschnir i Wien, og etter den tid har ho gjort seg gradvis sterkare bemerka både på den nasjonale og den internasjonale scena, mens ho har perfeksjonert framføringsstilen og skapt seg eit repertoar som spenner frå Beethoven til Dvořák, frå Grieg til Tan Dun. Ho har samarbeidd med Tan Dun om ei mengd prosjekt både i Europa og i Asia, og for tida arbeider ho saman med komponisten med eit nytt verk som skal ha premiere i 2018.

 

I mars 2018 gav Eldbjørg Hemsing ut debut-cd-en sin på det svenske plateselskapet BIS, med fiolinkonsertar av Hjalmar Borgström og Dmitrij Sjostakovitsj, innspela med Wiener Symphoniker og Olari Elts. Hausten 2018 kjem Hemsing med ein oppfølgjar til debutalbumet. Det er ei innspeling av Dvořáks fiolinkonsert og Suks «Fantasy» og «Love Song», innspela med Antwerp Symphony Orchestra og Alan Buribayev.

 

Ho er òg hovudperson i ein komande dokumentar laga av David Donnelly, der han set søkjelys på kvinnelege kunstnarar. Dette programmet følgjer opp den prisvinnande suksessen som NRK laga i 2010, der Eldbjørg og systera Ragnhild utforska livet til den legendariske norske fiolinisten Ole Bull.

RAGNHILD HEMSING

Fiolin

Ragnhild Hemsing skil seg ut blant dei nye talenta i Noreg som ein uvanleg allsidig artist. Ho har djupe røter i den rike folkemusikktradisjonen i Noreg, og det gjer henne til ein av dei første artistane som på ein vellykka måte smeltar saman typiske trekk ved norsk folkemusikk og klassisk musikk på ein ungdommeleg, frisk og fullt ut moderne måte.

 

Hemsing har eit stort repertoar med klassiske soloverk for fiolin, og supplerer det med meir uvanlege og kompliserte verk skrivne for hardingfele. Innanfor samtidsmusikk kan nemnast samarbeidet med den norske komponisten Lasse Thoresen og den unge norske koreografen Hallgrim Hansegård. Saman har dei framført «Yr» av Lasse Thoresen, over heile Noreg og på internasjonale scener. I etterkant har Hemsing spela inn dette verket på plate –  den første soloplata hennar – på plateselskapet Simax. Denne cd-en og innspelinga hennar av Halvorsens «Fossegrimen» op. 21 for Chandos med Bergen Filharmoniske Orkester og Neeme Järvi fekk framifrå omtale frå kritikarane. Etterpå inviterte Järvi Ragnhild Hemsing til å spela med Estonian National Symphony Orchestra i februar 2012.

 

Då ho var berre 14, debuterte Hemsing med Bergen Filharmoniske Orkester, der ho framførte Mendelssohns fiolinkonsert. Same år spela ho med Trondheim Symfoniorkester, og året etter vart ho invitert til å spela med Oslo-Filharmonien. Etter det har ho spela med alle dei større norske orkestera. Som solist med orkester dei siste åra kan nevnast Minnesota Orchestra (Andrew Litton), DR SymfoniOrkestret, Residentie Orkest The Hague (Santtu-Matias Rouvali), Nordic Symphony Orchestra (Anu Tali), Ukrainian National Philharmonic Orchestra, Göteborgs Symfoniker, NDR Radiophilharmonie i Hannover (Eivind Gullberg Jensen), Tampere Philharmonic, MDR Sinfonieorchester Leipzig, Tonhalle-Orchester Zürich, Philharmoniches Orchester Freiburg (Fabrice Bollon), National Orchestra of Belgium (Ion Marin) og Düsseldorfer Symphoniker med eit «carte blanche»-program.

Ragnhild Hemsing har vore gjesteartist ved alle dei store festivalane og konserthusa i Noreg, mellom andre Festspillene i Bergen, Festspillene i Nord-Norge, kammermusikkfestivalane i Oslo, Stavanger og Trondheim, Nordlysfestivalen i Tromsø, Hardingtonar og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, der ho har kombinert folkemusikk med eit klassisk repertoar. Ho har òg opptredd på festivalane Cheltenham, Verbier, Bellerive og AlpenKlassik, og spelt recitaler i Wigmore Hall, Kennedy Center i Washington D.C., i Mariinsky Concert Hall, Beethovenfest Bonn, Moravian Autumn i Brno, WDR Köln og Schwetzinger SWR Festspiele.

 

Ragnhild Hemsings nye plateinnspeling «Northern Timbre» frå 2017 med pianisten Tor Espen Aspaas på plateselskapet 2L, har eit tvers gjennom nordisk repertoar og har motteke strålande kritikar.

Hemsing har motteke mange prisar, mellom anna First Prize og European Union Prize under Kocian International Violin Competition. I 2012 fekk ho den prestisjetunge Arve Tellefsens Musikerpris. Etter debuten ved Beethovenfest Bonn 2013 fekk ho den anerkjente prisen Beethoven-ring av foreininga «Borgarar for Beethoven».

Ragnhild Hemsing er ein velkjend artist på norsk radio og tv. Saman med systera Eldbjørg Hemsing spela ho inn ein timelang dokumentar om livet til Ole Bull – eit program som fekk ein EBU-pris.

 

Saman med systera Eldbjørg, er Ragnhild kunstnarisk leiar av Hemsingfestivalen, ein kammermusikkfestival for intime møte med stor musikk i veke 8 i februar månad kvart år. Vinterfestivalen i Aurdal i Valdres vart etablert av systrene i 2013. For meir info om festivalen, sjå www.hemsingfestival.com.

 

Ragnhild Hemsing vart fødd i Valdres i 1988, i hjartet av Folkemusikk-Noreg. Ho begynte å spela fiolin då ho var fem, og studerte ved det prestisjetunge Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og deretter med professor Boris Kuschnir i Wien. Ho spelar på ein fiolin bygd av Francesco Ruggeri (Cremona, 1694) som er utlånt frå Dextra Musica.

LILLI MAIJALA

Bratsj

Lilli Maijala gav si første soloframføring med Oulu Symphony Orchestra då ho var 17 og har sidan vore å sjå jamleg både som solist og som kammermusikar på scener over heile Europa.

 

Dei siste åra har ho spela med orkester som Helsinki Philharmonic, Lapland Chamber Orchestra, Lahti Symphony Orchestra, Camerata Salzburg, Folkwang Kammerorchester Essen og Tapiola Sinfonietta. I 2013 hadde ho premiere med fiolinkonserten av Lauri Kilpiö med Jyväskylä Sinfonia, 2018/2019-sesongen omfattar for eksempel ei cd-innspeling av Pehr Henrik Nordgrens konsert for bratsj, kontrabass and kammerorkester med Olivier Thiery, Ostrobothnian Chamber Orchestra og dirigent Juha Kangas.

 

Lilli Maijala studerte bratsj ved Sibelius Academy, Hochschule für Musik Detmold og Edsberg Chamber Music Institute med lærarar som Teemu Kupiainen, Diemut Poppen og Lars Anders Tomter. I bratsjkonkurransen under Klassik-Festival Ruhr vann Maijala bratsjkonkurransen, som vart halden i samarbeid med musikkakademi over heile Europa. Ho har òg vunne mange andre prisar, som andrepremien i den nordiske bratsjkonkurransen og spesielle prisar ved ARD Competition Munich and Tokyo International Viola Competition.

 

Maijala deltok i eit kvartettsamarbeid med cellist Pieter Wispelwey og fiolinistane Patricia Kopatchinskaja og Pekka Kuusisto, ein uredd kvartett som fekk svært god omtale av kritikarane. Ho held til i Amsterdam og deler no tida mellom ei undervisningsstilling ved Sibelius Academy og speling på internasjonale musikkarenaer som West Cork Chamber Music Festival, IMS Prussia Cove, Delft Chamber Music Festival, Festival Resonances, Peasmarsh Chamber ofl.

 

Lilli Maijala spelar på ein bratsj laga av Jean Baptiste Vuillaume, på utlån frå Finnish Cultural Foundation, og i tillegg spelar ho på ein barokkfiolin.

GEORGY KOVALEV

Bratsj

Georgy Kovalev, som er fødd i Tiflis, Georgia i 1990, er ein av dei leiande bratsjistane i sin generasjon. Han har spela med leiande orkester som Kremerata Baltica Chamber Orchestra, New Russia State Symphony Orchestra, Münchener Kammerorchester, Moscow Soloists Chamber Orchestra, New Japan Philharmonic Orchestra og andre. 

Kovalev har vunne prisar og vore finalist i internasjonale konkurransar som Yuri Bashmet International Competition i Moscow og Tokyo International Viola Competition. I 2011 fekk han Neva Foundation Prize som var gitt av Verbier Festival.

Etter å ha studert med Matthias Buchholz og Nobuko Imai ved Kronberg Academy er Kovalev no i ferd med å fullføre mastergraden sin ved Tabea Zimmerman ved Hochschule für Musik Hanns Eisler i Berlin.

Georgy Kovalev har spela kammermusikk saman med Gidon Kremer, Christian Tetzlaff, Steven Isserlis, Yuri Bashmet, Fazil Say, Frans Helmerson, Emanuel Ax, Jörg Widmann, Viviane Hagner, Claudio Bohorquez og Lawrence Lesser, og han har spela på kjende internasjonale musikkfestivalar som Schubertiade, Verbier Festival, Ravinia Festival, Heidelberger Frühling, Rheingau Festival og Kronberg Academy Festival.

Georgy Kovalev har spela på kjende scener som Victoria Hall (Genève), Théâtre des Champs-Elysées (Paris), Kölner Philharmonie, Kioi Hall (Tokyo), Prinz Regent Theater Hall (München), Gordon Bennett Hall (Chicago) og Grand Hall of Moscow Conservatory. Oppdrag som står for tur, er solistoppdrag og konsertar i USA, Tyskland, Irland, Nederland, Frankrike, Italia, Austerrike og Hellas. 

ANDREAS BRANTELID

Cello

Andreas Brantelid vart fødd i København i 1987 og har foreldre frå Sverige og Danmark. Han begynte tidleg å spele cello med far sin, cellisten Ingemar Brantelid. Då han var 14, debuterte han som orkestersolist i ei framføring av Elgars cellokonsert med Det kongelige Kapel i København. I dag er Andreas Brantelid ein av dei mest ettertrakta musikarane frå Skandinavia. Han får rosande omtalar frå heile verda for dei tankevekkjande tolkingane sine, for unik fargerik klang og engasjerande personlegdom.

 

Høgdepunkt blant orkesteroppdrag i det siste var framføringar med London Philharmonic, City of Birmingham Symphony, BBC Symphony og BBC Philharmonic Orchestras, Tonhalle-Orchester Zürich, Mahler Chamber Orchestra, Brussels Philharmonic, Yomiyuri Nippon Symphony Orchestra.

 

I sesongen 2017/2018 debuterte han som solist med NDR Elbphilharmonie Orchestra, Orchestre de la Suisse, Stuttgart Radio Symphony og Berlin Radio Symphony, blant fleire. Han skal også framføre alle cellosonatane av Beethoven saman med den norske pianisten Christian Ihle Hadland.

 

Andreas Brantelid har spela på scener som Dortmund Konzerthaus, der han var ein «Junge Wilde»-artist, New York (Carnegie Hall og Alice Tully Hall), London (Wigmore Hall), Zürich (Tonhalle), Amsterdam (Concertgebouw) ofl.

 

På debutplata si, som kom på EMI i 2008, spelar Brantelid cellokonsertar av Tsjajkovskij, Schumann og Saint-Saëns saman med DR Symfoniorkestret. I 2010 gav han ut ein cd med kammermusikk av Chopin, mellom anna cellosonaten hans, og i 2012 kom ein cd med «encores» (ekstranummer). Ei innspeling av samla verk for cello og piano av Grieg kom ut på BIS i mars 2015.

 

Andreas Brantelid vann førstepremiar på Eurovision Young Musicians Competition i 2006 og på International Paulo Cello Competition i 2007. Dei følgjande åra fekk han prisar og stipend som Borletti-Buitoni Trust Fellowship i 2007, BBC’s New Generation Artist 2008–2011 og The European Concert Hall Organization «Rising Star» tour i 2008/09-sesongen. I 2015 fekk han Carl Nielsen Prisen i København.

 

Andreas Brantelid spelar på ein «Boni-Hegar»-stradivarius frå 1707, som er gjord tilgjengeleg for han med støtte frå den norske kunstsamlaren Christen Sveaas. Brantelid bur saman med kona og to døtrer i Nærum nær København.

ADAM KRZESZOWIEC

Cello

Adam Krzeszowiec studerte ved Karol Szymanowski Academy of Music i Katowice i Polen, der han gjekk ut med beste resultat. Han studerte også med Frans Helmerson ved Hochschule für Musik i Köln. Nyleg tok han diplomeksamen i Chapelle Musicale Reine Elizabeth i Brussel med Gary Haffman som læremeister.

Krzeszowiec har vore prisvinar ved ei mengd internasjonale cellokonkurransar - i London, Paris, Hradec, Warszawa så vel som Katowice. Dessutan har han kome til semifinalen i Peter Tchaikovsky Competition i Moskva, i International Music Competition i Genève og i Rostropovich Competition i Paris. 

Både som solist og kammermusikar er han ein svært aktiv utøvar. Adam Krzeszowiec har såleis spela på dei fleste kjende konsertarenaer i Europa, som Wigmore Hall i London, Victoria Hall i Genève, Tchaikovsky Hall i Moscow og Salle Gaveau i Paris. Han har vore invitert til musikkfestivalar som Verbier Festival, Sommets Musicaux Festival i Gstaad, Seiji Ozawa International Music Academy Switzerland i Rolle, Casals Festival i Prades, PODIUM Festival og Ensemble Festival i Ksiaz. 

Krezeszowiec har vore på scena med mange kjende artistar, som Maria Joao Pires, Augustin Dumay, Gary Hoffman, Mischa Maisky, Christian Arming og Michael Tabachnik, og han har vore solist med orkester som Brussels Philharmonic, Orchestre Philharmonique Royal de Liège, Kansai Philharmonic Orchestra, Sinfonia Varsovia, National Radio Symphony Orchestra Katowice og Orchestre de chambre de Walonie.

Innspelinga av Saint-Saëns cellokonsert nr. 1 med Orchestre Philharmonique Royal de Liège, under leiing av Christian Arming, og debutalbumet Works for cello solo, som omfattar Kodalys sonate for cello solo, har fått svært gode kritikkar.

Adam Krzeszowiec har fått mange stipend, mellom anna frå det polske kulturdepartementet, borgarmeisteren i Katowice og Yamaha Foundation. Han har også vorte utvald til stipendprogrammet Young Poland som det polske nasjonalsenteret for kultur står bak.

Sidan 2012 har han vore førstecellist i National Radio Symphony Orchestra i Katowice, og han er cellolærar ved Karol Szymanowski Academy of Music i Katowice.

QUATUOR MODIGLIANI

Strykekvartett

Den Paris-baserte Quatuor Modigliani (Modigliani-kvartetten) feirar 15-årsjubileum denne sesongen, og kvartetten er ein fast gjest på dei mest kjende scenene i verda og i dei beste programma med strykekvartett- og kammermusikk.

 

I denne og neste sesong skal Modigliani-kvartetten turnere i USA, Sør-Amerika, Japan og dessutan i store delar av Europa. Høgdepunkt blir Wigmore Hall i London, Paris Auditorium du Musée du Louvre, Morgan Library & Museum i New York, Kölner Philharmonie, Brussel Flagey, Pierre Boulez Saal i Berlin, Prinzregententheater i München, Tokyos Oji Hall og festivalar som Salzburg Festspiele, Schubertiade Schwarzenberg, Menuhin Festival Gstaad og Festspiele Mecklenburg-Vorpommern. I 2017 var Modigliani-kvartetten den første strykekvartetten som opptredde i Hamburgs Elbphilharmonie.

 

Kvartetten har gitt ut plater på Mirare sidan 2008, og så langt har det vorte åtte cd-ar, som alle har fått prisar og gode kritikkar internasjonalt. Neste plateslepp blir Carnet de voyages. Modigliani-kvartetten har etablert ein nær kunstnarleg vennskap med andre artistar og spelar jamleg saman med musikarar som Nicholas Angelich, Daniel Müller-Schott, Yefim Bronfman, Sabine Meyer, Beatrice Rana og Renaud Capucon.

 

Etter å ha bygd opp sin eigen klang og profil gjennom femten år er Modigliani-kvartetten no glad for å kunne gi si erfaring vidare til neste generasjon. I 2016 danna dei «Atelieret» innanfor festivalen i Evian, og kvartetten hadde ei rekkje masterklasser ved Conservatoire National Supérieur de Musique de Paris i november 2017.

 

Takk vere sjenerøs støtte frå private sponsorar spelar Modigliani-kvartetten på fire framifrå italienske instrument: Amaury Coeytaux spelar på ein fiolin frå 1773 laga av Giovanni Battista Guadagnini, Loïc Rio spelar på ein fiolin frå 1780 av Giovanni Battista Guadagnini, Laurent Marfaing spelar på ein bratsj frå 1660 av Luigi Mariani, og François Kieffer spelar på ein cello frå 1706 av Matteo Goffriller.

TO DAMER, TO HERRER

Fiolin, bratsj, fele, hardingfele

Eit møte mellom tradisjonsmusikk frå Valdres og Trøndelag og den klassiske musikken med syskenpara Ragnhild og Eldbjørg Hemsing og Einar Olav og Gjermund Larsen. Dei spelte sin fyrste konsert på Hilmarfestivalen i Steinkjer i 2011, og etter det har dei spelt i lag jamleg på ulike festivalar og på fleire kyrkjekonsert-turnéar i Noreg.

 

Den musikalske ideen er møtet mellom syskenpara og musikken som oppstår i brytninga mellom folkemusikk frå Valdres og Trøndelag, og mellom folkemusikken og den klassiske musikktradisjonen. Begge syskenpara er godt forankra i sine respektive folkemusikktradisjonar, og Gjermund skriv også nykomponert musikk til kvartetten. Hemsingsystrene er blant våre aller fremste utøvarar i den klassiske musikktradisjonen.

VALDRESSTRYKERNE

Barne- og ungdomsorkester

Valdresstrykerne er eit barne- og ungdomsorkester i Valdres som vart stifta i 2002. Leiarane av orkesteret er Eivind Dølerud og Susanne Engelmann. Elevane kjem hovudsakleg frå Nord-Aurdal, Vestre og Øystre Slidre, og orkesteret øver på Fagernes kvar veke. I profilen til orkesteret blir det lagt vekt på å fremje samarbeid mellom folkemusikk og klassisk musikk, og dei har også samarbeidd med lokale kor. Valdresstrykerne har elles i ei årrekkje hatt samarbeid med det spanske orkesteret Cemb som held til i Barcelona.

MICHAL FRIEDLANDER

Piano

Pianisten Michal Friedlander debuterte i Carnegie Hall 15 år gammal med ein pianotrio etter invitasjon frå Isaac Stern. Kammermusikk og akkompagnement har etter den tid stått sentralt i den mangfaldige karrieren hennar.

 

Michal Friedlander vart fødd i Genève og vaks opp i Israel. Ho studerte ved Rubin Academy i Jerusalem med Benjamin Oren og Ilona Vince-Kraus som læremeistrar. Seinare tok ho avsluttande eksamen under Patricia Zander ved New England Conservatory i Boston.

 

Som aktiv soloutøvar er Michal Friedlander ofte å sjå med orkester i Europa og Israel. Blant dei er Jerusalem Symphony, Israeli Chamber Orchestra, Tel Aviv Soloists, Bruno Maderna Orchestra, Bayerischen Kammerphilharmonie, Tübinger Kammerorchester, Staatskapelle Halle, Staatsphilharmonie Rheinland-Pfalz og Hamburger Symphoniker.

 

Kammermusikkgruppene hennar og samarbeidet med andre har ført Michal Friedlander til scener som Carnegie Hall, Kennedy Center, Berliner Philharmonie, Jordan Hall og Queen Elisabeth Hall. Ho samarbeider jamleg med internasjonalt kjende solistar og songarar. Michal Friedlander var på kammermusikkfestivalane i Aix-en-Provence, Beijing, Sapporo, Ravinia, Jerusalem, Zermatt og Rolandseck. Ho er kodirektør for Friedberger Musiksommer festival og ein av initiativtakarane til Prelude Concerts i Berlin.

 

Saman med Karl-Heinz Steffens har Michal Friedlander spela inn alle verk for klarinett og piano av Brahms. I ei melding av denne cd-en står det: "Det komplekse piano-akkompagnementet er nydeleg framført av Friedlander. Med det høge nivået når det gjeld lyd og berøring får ho mirakuløse klangar ut av pianoet sitt."

 

I 2012 danna Michal Friedlander Trio Franz Schubert saman med Nikolaus Boewer og Florian Barak.

JULIEN QUENTIN

Piano

Den franske pianisten Julien Quentin har etablert seg som ein allsidig og følsam musikar som viser stor modenheit og verdigheit. Djupna i spelet og den distinkte, klare tonen, saman med ein lytefri teknikk, gjer han til ein etterspurd musikar både som solist og kammermusikar.

 

Quentin har hatt suksessrike musikalske debutar i Paris (Salle Cortot), Geneva Conservatorie Hall og Bargemusic i New York. Han har vore solist med Wroclaw, Qatar og Córdoba Philharmonic Orchestra under dirigentar som Tommaso Placidi, Paul Biss og Han-Na Chang. Jamleg har Quentin vore invitert til forskjellige internasjonale festivalar, og i Europa har han såleis vore med på festivalar som Verbier, Lucerne, Gstaad, Montreux, Zermatt, Dresden, Braunsxhweig, Beethovenfest Bonn, Radio France Montpellier og Saint Denis. Innspelingar med han har vore kringkasta i Canada, USA, Japan og i fleire land i Europa.

 

Julien Quentin er ein ivrig kammermusikar og har samarbeidd med artistar som Nicolas Altstaedt, Emanuel Ax, Lisa Batiashvili, David Garret, Angelika Kirchschlager, Lawrence Power og fleire.

 

Han har vore på internasjonale turnear til USA, Australia, Japan og Midtausten og i Europa, og har såleis vore på scener som Concertgebouw i Amsterdam, Wigmore Hall i London, Louvre i Paris, Baden-Baden Festspielhaus, Berlin Philharmonie, Alice Tully og Carnegie Halls i New York. Han har spela inn plater for EMI, Channel Classics og Sony RCA.

 

Julien Quentin vart fødd i Paris og begynte studia sine ved Geneva Conservatory med Alexis Golovine. I 2002 tok han diplomeksamen under rettleiing av Emile Naoymoff ved Indiana University, der han hadde ei undervisningsstilling i eitt år og fekk Presser Award. I 2003 tok han avsluttande eksamen ved Julliard School, der han studerte under György Sándor. Han har òg samarbeidd med Paul Badura-Skoda, Nikita Magaloff, György Sebök og Earl Wild.

 

Julien Quentin bur no i Berlin. Med «Musica Litoralis» ved Piano Salon Christophori har han greidd å skape ein stadig meir vellukka konsertserie som minner om salongane frå dei glade tjueåra. Med synlege artistar utforskar han nye kunstnarlege idear ved å føre ulike kunstformer saman. Han dyrkar også si interesse for andre musikksjangrar gjennom samarbeidet med pianistane Kelvin Sholar og Francesco Tristano, eller produsentane Guti, dOP og Cesar Merveille i prosjekt som spenner frå improvisasjon til produksjon av elektronisk musikk.

KARL-HEINZ STEFFENS

Klarinett

Karl-Heinz Steffens er sett på som ein framståande dirigent både i operaverda og i den symfoniske verda, og han er ein svært etterspurd gjestedirigent. 

Dei siste sesongane har han arbeidd med orkester som Symphonieorchester des Bayerischen Rundfunks, Berliner Philharmoniker, Israel Philharmonic, Lyon National, Münchner Philharmoniker, Kungliga Filharmonikerna, Salzburg Mozarteum og Zürich Tonhalle Orchestras og nyleg med radiosymphoniorkestra i Berlin, Köln, Frankfurt, Hamburg, Hannover, Leipzig og Stuttgart. Denne sesongen er han tilbake i Netherlands Philharmonic Orchestra, Filharmonica Teatro Regio Torino og held fram med å besøkje Skandinavia med Helsingfors stadsorkester (Helsinki Philharmonic) og ein symfonisyklus med verk av Brahms med Norrköpings Symfoniorkester. Han debuterer òg i Nord-Amerika med Toronto Symphony. Sist sesong avslutta han syklusen sin med verk av Brahms med Philharmonia Orchestra, der han dirigerte Rekviem og opptredde som solist i komponistens Klarinettkvintett. 

Steffens er like heime i operahuset. Han dirigerte på premieren til Pelléas and Mélisande i Den Norske Opera, der han også har dirigert verk av Cosi fan Tutte, Fidelo og Calixto Bieitos Tosca. Fleire gonger har han vore i Teatro alla Scala, der han har leidd framføringar av Cosi fan Tutte, Don Giovanni og Götterdämmerung, og nyleg debuterte han i Zürich Opera med Cosi fan Tutte. Han er jamleg invitert til Berlin Staatsoper Unter den Linden, der han denne sesongen har dirigert framsyningar av Fidelio. 

Før dirigentkarrieren var Steffens ein høgt respektert soloutøvar på klarinett. Han var òg medlem i fleire orkester, mellom anna var han hovudklarinettist med Symphonieorchester des Bayerischen Rundfunks og Berliner Philharmoniker. 

SHARON BEZALY

Fløyte

Sharon Bezaly er skildra av The Times som "Guds gåve til fløyta", og som fløytist er ho hylla som "så å seie utan jamlike i verda i dag", classicstoday.com. Ho har inspirert så ulike kjende komponister som Sofia Gubaidulina, Kalevi Aho og Jeff Beal til å skrive for seg. Per i dag har ho tjue konsertar som er dediserte til henne, og som ho framfører over heile verda. 

I samarbeid med dei største orkestera i verda, som orkester i Minnesota, Leipzig, London, Seoul, Taiwan, Cincinnati, Stockholm, Stuttgart, Göteborg, Haag, Lahti og andre steder, har Bezaly spela med kjende dirigentar som Osmo Vänskä, Neeme Järvi, Zubun Mehta, Alan Gilbert, Lan Shui, Mertyn Brabbins og John Neschling. Når det gjeld kammermusikk, samarbeider ho med musikarar som Gidon Kremer, Vladimir Ashkenazy og Ronal Brautigam, og ho har opptredd i Wigmore Hall, Consertgebouw, Sydney Opera House og ved BBC Proms. 

Sharon Bezaly har alltid vore svært interessert i samtidsmusikk og er den nolevande fløytisten med flest konsertar og kammermusikalske stykke som er inspirerte av og dediserte til henne - av meir enn to dusin komponistar, blant andre Kalevi Aho, Christian Lindberg, Hakur Tómasson, Sofia Gubaidulina, Zhou Long og Jeff Beal. 

 

I samarbeid med plateselskapet sitt, BIS, har Bezaly laga mange spennande innspelingar. Dei spenner frå kjernerepertoaret for fløyte, som Mozart, Ibert og Nielsen, til nybrotsarbeid med repertoar frå komponistane som har dedisert arbeid til henne. Det er desse verka som har gitt henne størst anerkjenning, for eksempel Diapason d'Or (Diapason), Choc (Monde de la Musique), Editor's Choice (Gramophone) og Stern des Monats (Fono Forum).

 

Bezaly spelar på ei 24-karats gullfløyte, laga spesielt for henne av Muramatsu-teamet. Ho vart uteksaminert frå Conservatorie de Paris med toppresultat, har vore BBC New Generation Artist  (2006/08), var den første blåsaren som vart Artist in Residence for Residentie Orkest (2007/08), og vart vald til full medlem av Kungliga Musikaliska Akademien i mai 2018.  

MARI ERIKSMOEN

Sopran

Frå ho avslutta studia ved Operaakademiet i København i 2010 har Mari Eriksmoen hatt det mange reknar for å vere ein kometkarriere. Den nådde eit viktig høgdepunkt då ho debuterte ved Teatro alla Scala i Milano i juni 2013, som Waldvogel i Wagners Siegfried. 

Eriksmoen debuterte ved Den Norske Opera & Ballett alt som 23-åring i turnéfamsyninga Operaen kommer!. Same stad har ho også sunge rolla som Olympia i Hoffmanns eventyr, Adéle i Flaggermusen og hausta stor suksess som Pamina i Tryllefløyten.

Det store internasjonale gjennombrotet kom då ho på kort varsel overtok rolla som Zerbinetta i Strauss' Ariadne auf Naxos i Wien, for verdsstjerna Diana Damrau.

Andre viktige oppgåver inkluderer engasjement ved Theater an der Wien, Oper Frankfurt, Det Kongelige Teater i København, Kungliga Operan i Stockholm, Opéra dei Lille, Zürich Oper, Bayerische Staatsoper, La Monnaie, Glyndebourne Festival, Concertgebouw, Festival d'Aix-en-Provence, Lucerne Festival, Baden-Baden Festspiele, Dutch National Opera og BBC Proms. Nyleg debuterte ho som solist med Simon Rattle og Berlinfilharmonien. Heime i Noreg kan ho høyrast som Susanna i Figaros Bryllup og Sofie i Rosenkavaleren ved Den Norske Opera neste sesong.

VALDRES KAMMERKOR

Valdres kammerkor er eit ganske nystarta kor. Det vart fyrst sett saman for å vera med under framføringa av spelet som Inga R. Hegge skreiv til Hegge Kyrkjes 800-årsjubileum i 2016. Frå nyttår 2017 har det eksistert som fast kor og det hadde sin fyrste eigne konsert på Valdres Folkemuseum i mai 2017. Koret ynskjer å spesialisere seg på klassisk musikk som passar best for små ensemble (maksimum 16 røyster).

EINAR OLAV LARSEN

Fele og hardingfele

Einar Olav Larsen (f. 1979) driv som frilans folkemusikar og pedagog med base i Verdal i Trøndelag. Han har hatt ei omfattande verksemd sidan han gjekk ut frå spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet i 2000. Dei siste åra har han mellom anna vore aktuell med sin eigen trio og spela mykje med bror sin, Gjermund Larsen. Saman mottok dei Spellemannprisen i 2015 i klassen folkemusikk/tradisjonsmusikk, og no har dei to samarbeidsprosjekt med Hemsing-systrene og Trondheimsolistene. Av andre prisar kan nemnast Osa-prisen, Hilmar Alexandersen musikkpris og Ole Vig-prisen. 

Larsen kombinerer turnering i inn- og utland med ei sterk lokal forankring, og han spelar like gjerne til dans som til konsert.

Forutan den vanlege fela brukar Einar Olav hardingfela ein god del. Han er ein av få som er A-klasse-spelemann på både fele og hardingfele. Det musikalske utgangspunktet til Einar Olav Larsen er arven etter Hilmar Alexandersen, ein av Noregs fremste folkemusikarar i det førre hundreåret, og rytmisk og særprega verdalsspel!

GJERMUND LARSEN

Fele og komponist

Gjermund Larsen (f. 1981) vart våren 2008 den første til å avleggje diplomeksamen i folkemusikk på fiolin ved Noregs musikkhøgskole i Oslo. Det musikalske utgangspunktet hans er tradisjonsmusikken frå Verdal og etter felespelaren Hilmar Alexandersen (1902-1993) frå Steinkjer.

Som komponist har Gjermund sidan 2008 vore svært aktiv: Det har kome fire plateutgivingar med Gjermund Larsen Trio, tre folkemusikksuitar skrivne til Trondheimsolistane, folkemusikksuite til Det Norske Solistkor, musikkdramaet Folkehelten ved Nord-Trøndelag Teater, og dessutan en rekkje bestillingsverk til norske festivalar.

Som sollist har Gjermund Larsen spela med nokre av dei fremste kor og orkester i Noreg og Europa: Oslo-Filharmonien, Kringkastingsorkesteret, Philharmonie Orchestra i London, SWR Sinfonieorchester (Tyskland), Ensemble Modern (Tyskland), Trondheimsolistene, Danmarks Radiokor og Det Norske Solistkontor. Gjermund opptrer elles med blant andre Hemsing-systrene, Frode Haltli og bror sin Einar Olav Larsen. Han har vunne Spellemannprisen seks gonger, og i 2010 vart han nominert til Grammy for plata In Folk Style, saman med Trondheimsolistene.

ANDRIS HEMSING

Hardingfele

Andris Hemsing (f. 1995) har gått i lære på hardingfele heime i Valdres. Han har også vore elev ved Talentskolen ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og vore med i eit talentprogram for jazz og improvisasjon ved Noregs musikkhøgskule. Andris har fleire topplasseringar som hardingfelespelemann på Landskappleiken og andre kappleikar, og han har vore invitert til Festspillene i Bergen, Hilmarfestivalen, Nordlysfestivalen, Fjelljazzen på Beitostølen og Dølajazz på Lillehammer. Han har også vore gjest i NRK Folkemusikktimen, og han fekk tildelt Eckboes stipend for unge folkemusikkutøvarar på Telemarkfestivalen 2011.

Andris var invitert til Førde International Festival i prosjektet "Talent 2014", og i 2015 var Andris musikar for FRIKAR dansekompani på deira kritikarroste oppsetjing, Gotoguta. Han har nyleg vore på turné som musikar for FRIKAR X i danseprosjektet "Slepp". Det er musikalsk allsidigheit som kjenneteiknar Andris.

BENTE HEMSING

Fiolin

Bente Hemsing er utdanna instrumentalist og fiolinpedagog frå Østlandets Musikkonservatorium i Oslo ved sida av å ha vore ein aktiv folkemusikar frå tidleg alder. Ho jobba i fleire år som utøvande musikar i Valdres folkemusikkgruppe. Med si spesielle evne for undervisning, talentutvikling og ikkje minst formidling av musikkglede, er ho ein ettertrakta pedagog. Ho arbeidar no som kulturskulerektor i Etnedal kommune og som frilans musikar og pedagog på hardingfele, fiolin og tradisjonssong.

Bente Hemsing har hatt oppdrag for NRK, som orkestermusikar i profesjonelle symfoniorkester, og ho har reist på turnear med folkemusikk for Rikskonsertane både i Noreg og i India. I ein periode var ho fast fiolinist i Stavanger Symfoniorkester og i Oslo Barokkorkester.

Av pedagogisk verksemd kan nemnast undervisning i kulturskular, i vidaregåande skule, ved Barratt Due musikkinstitutt og Valdres Sommersymfoni, ved ulike orkester- og folkemusikkseminar, og ho har vore foredragshaldar i tradisjonsmusikk på høgskulenivå. Ho er også nytta som dommar på kappleikar og i juryar for musikarstipend.

Bente Hemsing har vunne fleire prisar som til dømes ”Andris Dahles Minnepris” for lydarlåttspel på hardingfele (1998), og i 2004 gav ho ut den kritikarroste CD-en ”Solé sprett” med eigenarrangert folkemusikk frå Valdres. I 2014 vart ho tildelt Eckboes Legaters Kulturpris for sin innsats som kulturformidlar under Litteraturfestivalen på Lillehammer. Dei siste åra har ho hatt eit aktivt duosamarbeid med Stein Villa, m a med turné i Den kulturelle skolesekken for Rikskonsertene i Oppland og i Den kulturelle spaserstokken.

STEIN VILLA

Stein Villa er ein allsidig musikar med eldre folkemusikkinstrument og folkeviser som spesialitet. Han er busett på Gjøvik og arbeider ved Mjøsmuseet som tradisjonsmusikkarkivar og formidlar. I tillegg reiser han rundt til barnehagar, skular, høgskular og institusjonar med ulike musikkopplegg, der han spelar, syng, lærer bort songstubbar og lèt publikum få nærkontakt med ei rekkje instrument, som langeleik, norsk harpe, lyre, beinfløyter og sekkepipe. Formidlinga i barnehagar og skular har vore finansiert gjennom Den kulturelle skolesekken sidan denne ordninga vart oppretta.


Stein Villa spelar i forskjellige samanhengar, frå mellomaldermusikk via bluegrass og keltisk til tatermusikk og lokale salmetonar. Han har komponert og turnert for Hedmark Teater, Teater Innlandet og Rikskonsertane og har medverka på ei lang rekkje cd-produksjonar. I 2014 gav han ut cd-en Kammersmusikk gjennom Etnisk Musikklubb saman med kona, Marit Steinsrud. Elles har han hatt konsertar og spelekurs i Tyskland, Italia, Finland, Danmark, Sverige, Frankrike, Baltikum og på Island.


Også som improviserande teatermusikar har Villa brei erfaring, spesielt i samband med barneteater. Han har elles hatt innslag i Norge rundt og Frokost-TV om seljefløyter og instrumentmaking.

 

Villa er med i Gjøvik spelmannslag både som musikar og pådrivar for kursverksemd som mellom anna omfattar munnharpesmiing, seljefløytespikking og spel på langeleik, harpe og munnspel.

ELSINE HAUGSTAD

Dirigent

Elsine Haugstad er fødd i Ringebu i 1989 og er utdanna frå musikkhøgskulane i Oslo, Dresden
og Stuttgart, og lærte dirigering som ung ved Barratt Dues Musikkinstitutt. Ho har dirigert ei
rekkje orkester, deriblant Stuttgarter Philharmoniker, Südwestdeutsche Philharmonie,
Württembergische Philharmonie, Stuttgarter Kammerorchester, Orchester der
Staatsoperette Dresden og Vasa Stadsorkester. Nyleg debuterte ho med Moravian
Philharmonic Orchestra i Rudolfinum, Praha. Ho har assistert ved Semperoper Dresden
Junge Szene og jobbar regelmessig med Lillehammer Symfoniorkester. Ved sida av
frilansverksemda er ho for tida engasjert som timelærar på Noregs musikkhøgskole. Ho er
ein del av Dirigentforum og er tildelt Statens kunstnarstipend for nyutdanna kunstnarar.

MARIA CONDE

Cellist

Etter eitt år i Ottawa med den engelske cellisten Paul Marleyn går Maria no på Noregs
musikkhøgskole hos Truls Mørk. Maria er ein aktiv og allsidig kammermusikar og har
samarbeidd med blant andre Arve Tellefsen, Per Arne Glorvigen, Gunilla Süssmann, Einar
Steen-Nøkleberg, Morten Gunnar Larsen og Tango for 3. I januar 2016 vann ho saman med
Trio Némesis førsteprisen i master-kategorien av kammermusikkonkurransen ved Noregs
musikkhøgskole. Sidan har Trio Némesis blitt invitert til festivalen Grieg in Bergen,
Glogerfestspillene, Pablo Casals-festivalen og European Chamber Music Academy.
Maria Conde har spela for fleire av dei fremste utøvarane i Europa, blant andre Andreas
Brantelid, Torleif Thedeen, Tanja Tetzlaff og Daniel Müller-Schott. I november 2016
opptredde ho som solist med Romerike Symfoniorkester, leidd av Jan Ola Amundsen. Conde
fekk studieplass til ein mastergrad ved Barratt Due musikkinstitutt hausten 2017.

MONS MICHAEL TOMMESSEN

Fiolin

Mons Michael Thommessen kjem frå Lillehammer og begynte å spele fiolin i kulturskulen i
femårsalderen. Han er utdanna fiolinist frå Noregs musikkhøgskole, Universität Mozarteum
Salzburg og Barratt Due musikkinstitutt. Han har motteke fleire utmerkingar, blant anna
Norsk kulturskoleråds «Draumestipendet» og «Arvefølgeprisen», som er sett opp av Arve
Tellefsen.

OLGA JØRGENSEN

Piano

Olga Jørgensen er fødd i 1992 og avslutta bachelorgraden sin med ein First Class Honour’s
Degree ved Royal Academy of Music i London i 2015, der ho studerte med professor Hamish
Milne. Deretter tok ho mastergraden sin ved Noregs musikkhøgskole med Håvard Gimse og
Kathryn Stott som lærarar. No tek ho ein mastergrad for å bli operarepetitør under Boris
Schäfer ved Den Norske Opera og Ballett. I mars 2016 var Olga solist med Bergen
Filharmoniske Orkester under De unges konsert. Olga har vunne ei rekkje priser, blant anna
førstepris ved Ungdommens musikkmesterskap heile fem gonger, og også førstepris i St
Martin’s Chamber Music Competition og Malta International Music Competition. I 2017
mottok ho eitt av to Yamaha Music-stipend for Skandinavia. Ho har spela i Universitetets
Aula, på Troldhaugen i Bergen, i Wigmore Hall, Purcell Room på Southbank Centre, Steinway
Hall, St Martin-in-the-Fields og St John’s Smith Square. Ho har delteke ved ei rekkje kurs og
festivalar som IMS Prussia Cove, International Holland Music Sessions, Jiří Hlinka Piano

Academy, Victoria International Arts Festival i Malta, og ho har spela på master-klasser med
blant andre Leif Ove Andsnes, Jiří Hlinka, Menahem Pressler og Paul Lewis.

RAGNA

Fiolin

Ragna har studert til bachelor i utøvande klassisk fiolin hos Terje Moe Hansen på Norsk
musikkhøgskole sidan hausten 2017. Før det gjekk ho hos Marianne Thorsen og Cecilia
Wåhlberg i Trondheim. Ho spelar på ein Francis Kuttner-fiolin utlånt av Dextra Musica. Ragna
spelar jamleg i TrondheimSolistene, med fleire konsertar årleg i både inn- og utland.
Kulturutvekslingsprosjekt mellom Trondheim og Odense/Krakow har resultert i
soloframføringar i dei to byane i 2016/2017. Ho spela også solo i New York i eit
utvekslingssamarbeid mellom Musikkhøgskolen og NYU i juni 2018. Elles er ho ein ivrig
kammermusikar, og det siste året har ho særleg studert pianotrio-ensemblet.

SVERKER RUNDQVIST

Kontrabass

Sverker Rundqvist er fødd og oppvaksen i Stockholm. Etter to år på Pre-College-utdanninga
på Lilla Akademien i Stockholm begynte han på ein bachelor på Noregs musikkhøgskole, der
han no studerer for tredje år under professor Dan Styffe.

JULIE YUQING YE

Piano

Julie Yuqing Ye vart fødd i Tyskland i 1992 og begynte å spele piano då ho var fire år gammal.
Ho gjekk på Unge Talenter på Barratt Due musikkinstitutt hos Einar Steen-Nøkleberg til ho
flytte til London og tok mastergraden sin i utøvande klaver på Guildhall School of Music and
Drama med Charles Owen og Katya Apekisheva som lærarar. Ho fullførte nettopp
diplomstudiet på Noregs musikkhøgskole, der ho dei siste åra har teke timar hos Marianna
Shirinyan og Håvard Gimse, i tillegg til eit semester med Alessandra Brustia på Claudio
Monteverdi Conservatorio i Italia. På diplomkonserten sin i mars 2017 spela ho Sjostakovitsj’
pianokonsert saman med Noregs musikkhøgskoles symfoniorkester under leiing av Karl-
Heinz Steffens. Før dette hadde ho blant anna vore solist med Oslo Symfoniorkester og
Bærum Symfoniorkester, og spela både solo og kammermusikk i Oslo Konserthus og Den
Norske Opera og Ballett, Wigmore Hall og Milton Court Concert Hall i London. Julie deltok
nyleg på NRKs «Grieg minutt for minutt» med stykke frå opus 17. Ho var også med i NRKs
«Meisterklasse» saman med Leif Ove Andsnes, «Godt nytt musikkår» og TV2s 10-
årsjubileum. Hausten 2018 vart konserten hennar med cellisten Maté Tomasz i Tyskland
send på Bayerischer Rundfunk Klassik.

EILIF HELLUM NORAKER

Dans

Eilif Hellum Noraker er fødd i 2000 og kjem frå Nord-Aurdal i Valdres. Han har scenisk
erfaring frå dans, teater og film. Som dansar har han dansa i Frikar kulturskole i seks år, og
han går no siste året på Frikar-linja, det nyoppretta toppidrettsfaget på Valdres
vidaregåande skule. Med Frikar har Eilif vore med på fleire spennande oppdrag, blant anna
på danseoppsetjinga «Draumefangaren» i Åbjøra-juvet og på 80-årsfeiringa til kongeparet.
Som skodespelar har han vore med i alt frå lokale teateroppsetjingar til opplysnings-,
reklame- og spelefilmar. Blant anna har han hatt rolla som Bulle i filmane om Doktor Proktor,
og Mose i Reisen til julestjernen.

FELIX NIEL

Fløyte

Den nederlandske fløytisten Felix Niël har sin bachelorgrad og International Artist Diploma
frå The Royal Northern College of Music i Manchester, England, og i 2016 starta han på
masterstudiet ved Barratt Due musikkinstitutt, der han studerte med Trond Magne Brekka. I
2015 var Niël prisvinnar ved Dutch International Flute Competition og han har vore solist
blant anna med det internasjonalt anerkjende kammerorkesteret Manchester Camerata i
C.P.E. Bachs fløytekonsert i D-dur. Niël frilansar med orkester rundt omkring i Noreg, og
saman med den spanske pianisten Carla Fernàndez Boix er han kjend for å utvikle
interessante og nyskapande programkonsept som dei tek med til konsertscener i Europa.

KRISTIN PAS

Fiolin

Kristin Pas begynte å spele fiolin då ho var fem år, og etter ein del år med lærarar som Keith
Robson, Berit Cardaz og Anna Rögnvaldsdóttir vart ho elev hos Ting Zu Chen ved Barratt Due
i Oslo i 2008. I 2013 begynte ho å spele bratsj i tillegg til fiolin og kom inn som bratsjist i
Barratt Dues Juniororkester. Etter det har utviklinga hennar verkeleg teke fart, og året etter
vart ho teken opp i programmet «Unge Talenter» på fiolin. I 2014 fekk Kristin Pas
draumestipend, som ho brukte til å få erfaring med kammermusikk og orkester. Ho har vore
aktiv i Polstjernekurset i Sverige dei siste åra og spela blant anna første pult i Venezuela

Youth Symphony orkester då dei gjesta Göteborg i 2014. Kristin er også aktiv som solist. Ho
har vore solist med Glommakoret og med Stangebygdenes Musikkforening og har spela i
både kyrkjer og kulturhus. I 2016 fekk Kristin Hedmark og Opplands kulturråds stipend, og
saman med syster si i duoen Pas dei deux vann ho seinare førsteprisen i klassen sin i
Midgaard-konkurransen.

GEIR STRANDE SYRRIST

Slagverk

Geir Strande Syrrist kjem frå Hønefoss og spelar slagverk. Han har ein bachelor frå Noregs
musikkhøgskole og begynte hausten 2018 på masterstudiet same stad. Han driv også med
diverse frilansverksemd, og har blant anna vikariert både i Oslo Filharmoniske Orkester,
Kringkastingsorkestret og Kongelige norske marines musikkorps. Dessutan spelar han fast i
slagverkstrioen Bathos, som nyleg vann kammermusikkonkurransen ved NMH.

INGERBORG ELISABETH MOE

Klarinett

Ingeborg Elisabeth Moe er fødd i 1989 og kjem frå Bergen. Ho spelar klarinett, og i 2017
fullførte ho mastergraden sin i utøving ved Noregs musikkhøgskole med Leif Arne Pedersen
og Björn Nyman som lærarar. Ho vikarierer jamleg i Operaorkestret, Oslo-Filharmonien,
Kringkastingsorkestret, Arktisk Filharmoni, Forsvarets stabsmusikkorps, Kongelige norske
marines musikkorps og Luftforsvarets musikkorps.

HALLGRIM HANSEGÅRD

Dans og koreografi

Hallgrim Hansegård (f. 1980) er ein norsk koreograf, dansar og gründer kjent for modige og leikne prosjekt på tvers av fysiske, mentale og kulturelle grenser. Han har gjort den relativt ukjente, lokale dansetradisjonen halling dagsaktuell gjennom verdsomspennande dataspel og tv-program.

Verka hans er framført i meir enn 30 land, sensurert av den katolske kyrkja i Italia og sett av meir enn 100 mill på YouTube. I 2006 etablerte han FRIKAR, eit dansekompani som skapte nye moglegheiter og arbeid for dansarar innan halling, break dance, capoeira og nysirkus. I 2012 etablerte han Frikar-Akademiet AS som organiserer den pedagogiske verksemda til FRIKAR. Hansegård grunnla i 1999 Fjelleik-prosjektet ved Valdres cgs som framleis er eit viktig spenningsalternativ til det høge forbruket av narkotika i regionen. I 2016 starta han opp Toppidrett FRIKAR ved same skule. I 2017 starta han talentutviklingsprogrammet FRIKAR X i samarbeid med Talent Norge som fylgjer ti profesjonelle og semi-profesjonelle sjangeruavhengige dansekunstnarar i tre år.

Hansegård har også engasjert seg for flyktningar og mot rasisme gjennom kunstprosjektet og kronikkar i Aftenposten.

ERLING DAHL JR.

Programleiar og foredragshaldar

Erling Dahl jr. (f. 1946) er frå Malm i Nord-Trøndelag og bur i Bergen. Han er tidlegare direktør for Edvard Grieg Museum, Troldhaugen og Festspillene i Bergen. Vidare er han kjend som konsertformidlar på Troldhaugen og i Festspillene og frå mange verv innanfor norsk musikkliv. Han har skrive bøker  og artiklar om Edvard Grieg og har halde foredrag og forelesingar i mange land. Bøkene hans er omsette til både japansk, kinesisk og engelsk.

No sit Dahl i styret for Vinterfestspill i Bergstaden. Han var sterkt involvert i Berliner Philharmonikers besøk 1. mai 2016 og er i leiinga for samarbeidsprosjektet mellom Berlinfilharmonien og Vinterfestspill i Bergstaden – «KonstKnekt». Han er sjølv kammermusikkentusiast, spelar cello og har deltatt på kammermusikkurs på Sund folkehøgskole/Nansenskolen i meir enn femti år.

LASSE THORESEN

Komponist og programleiar

Lasse Thoresen (f. 1949) er professor i komposisjon ved Noregs musikkhøgskole, der han har undervist i komposisjon, elektroakustisk musikk og sonologi sidan 1975. Han tok diplomeksamen i komposisjon ved Musikkonservatoriet i Oslo i 1972, der han studerte under Finn Mortensen. Deretter studerte han elektroakustisk musikk og komposisjon under Werner Kaegi ved Institute of Sonology i Utrecht i Nederland. Frå 1978 til 1981 leidde Thoresen eit forskningsprosjekt i sonologi for doktorgradsstudentar med støtte frå Noregs forskingsråd. Frå 1988 til 2000 var han leiar for komposisjonsutdanninga ved Noregs Musikkhøgskole i Oslo, der han enno underviser i komposisjon. Han var gjesteprofessor ved Escola Superior de Música de Catalunya i Barcelona i 2007. 

Mange av arbeida til Thoresen er høgt verdsette både i Noreg og internasjonalt. Klavertrioen Hjertets fugl vart urframført ved Festspillene i Bergen i 1982 av Oslo Trio, og gleire framståande trioar har seinare spela stykket på turnear i ulike europeiske og kanadiske konserthallar. Urframføringa av Symphonic Concerto for Violin and Orchesra (1984) vart overført direkte til ei rekkje europeiske land og har seinare vore framført på konsertar i Noreg, Sverige og Tyskland fleire gonger. 

 

I 1985 vart Les trois régénérations bestilt og urframført av Radio France i Paris. Lasse Thoresen var festivalkomponist ved Festspillene i Bergen i 1986. Emergence (1997) vart bestilt av Oslo Filharmoniske Orkester og dirigent Mariss Jansons til ein konserturné til europeiske hovudstader, mellom andre Musikverein i Wien. I 1988 vart Fire and Light. Cantata and Transformation urframført i Warszawa; arbeidet var bestilt til samtidsmusikkfestivalen Warszawa Autumn. I april 2000 vart det timelange arbeidet Som bølger på et hav for 230 utøvarar framført i Oslo Konserthus som ei markering av tusenårsskiftet. Oratorio Terraces of Light vart framført i Haifa i mai 2001 i samband med  innviinga av Baháí Terraces. I 2003 var Thoresen gjestekomponist i Kiev Musik Fest. I mai 2003 vart trippelkonserten Transfigurations framført av ein norsk trio av solistar og St. Petersbugrg Symphonic Academy som ei helsing frå Noreg i samband med 300-årsjubileet til byen.

 

I tre år (2004-2006) var Lasse Thoresen composer-in-residence ced Festival Présences, Radio Frances største musikkfestival. Sinfonietta BIT20 har brukt hans Løp, lokk og linjer på turné fleire gonger og Nordic Voices har framført musikken hans jamleg på sine turnear. 

Please reload