Hemsingfestivalen 2024

Steinar Raknes

Steinar Raknes er ein norsk bassist, vokalist og låtskrivar. Raknes har vore i dei fleste verdshjørne og har samarbeidd med musikarar innanfor mange musikksjangrar. Sjølv har han røter i jazzmusikken.

Raknes er anerkjend for arbeidet som komponist og musikar i den prisvinnande jazztrioen Urban Connection og for samarbeid med artistar som Chick Corea, Michael Brecker, Bobby McFerrin og Ola Kvernberg. Etter at han hadde fullført mastergraden ved NTNU i 2001, har han spelt i mange ensemble, for eksempel The Core, Ola Kvernberg Trio, Skáidi, Kirsti Huke Quartet og Trondheim Jazz Orchestra.

Raknes er ein virtuos på kontrabass og spelar både pizzicato og med boge. Han er kjend for den kraftige klangen i instrumentet og for arbeidet sitt med alternative pizzicato-stilar på kontrabassen, inspirert av afrikansk kora og amerikansk fingerplukking. Han bruker også elektronikk for å utvide klangen i kontrabassen og bruker gitarpedalar og looperpedalar både på bassen og stemma.

Namnet på Raknes’ vokalprosjekt er Stillhouse. Bassisten skriv songar og tekstar i americana-stil og blandar det med jazz & blues og anna.

Raknes har også arbeidd med samisk musikk – joik – i fleire år. Det begynte med at han samarbeidde med den store joikaren Inga Juuso i mange år. Saman med etterfølgjaren hennar Sara Marielle Gaup arbeider han no med duoen Arvvas. Han spelar fast i Tord Gustavsen Trio og er ein aktiv frilansmusikar.

Previous
Previous

rØyst

Next
Next

Mathias Eick