Hemsingfestivalen 2024

rØyst

Øystre Slidre sanglag, eller rØyst, er eit blanda kor med tilhald i Øystre Slidre. Koret har ein profil med hovudvekt i det klassiske og folkemusikalske repertoaret, og tel 40 medlemmer  frå heile Valdres. Koret har som mål å skape eit musikalsk miljø der songarane kan få utvikle seg musikalsk og vokalteknisk, medan dei deler gode musikalske opplevingar. Øystre Slidre sanglag har samarbeidd med komponistar som Andrew Smith, Henrik Ødegård, Ola Gjeilo, Javier Busto, Frank Havrøy og Urmas Sisask om å få arrangert og komponert musikk for koret. 

Dirigent Are Alund (f. 1985) er oppvaksen i Øystre Slidre. Etter studium i kyrkjemusikk, kristendom, litteratur og pedagogikk flytte han tilbake til Valdres i 2012. Her har han arbeidd i skuleverket og som kantor i Vestre Slidre. I dag er han rektor ved Rogne skule. Han har studert orgel med Terje Winge og kordireksjon med Svein Rustad, Tore Erik Mohn, Tone Bianca Dahl og Marit Tøndel Bodsberg Weyde. Alund har dirigert rØyst sidan 2018. 

Previous
Previous

Tor Espen Aspaas

Next
Next

Steinar Raknes