Hemsingfestivalen 2024

Nils Mönkemeyer

Kunstnarleg briljanse og eit nyskapande program har gitt Nils Mönkemeyer eit ry som ein av dei mest suksessfulle bratsjistane i verda, og han har gjort mykje for å profilere instrumentet.

I ein eksklusiv kontrakt med Sony Classical har Mönkemeyer gitt ut mange cd-ar dei siste åra. Alle har fått god omtale og vunne prestisjefylte prisar. På repertoaret har han musikk som spenner frå gjenoppdagingar og førsteinnspelingar av original bratsjlitteratur frå 1800-talet, til samtidsmusikk og eigne arrangement. Dei ferskaste cd-ane er innspelingar av Walt, Bruch og Pärt saman med Bamberg Symphony under leiing av Markus Poschner, kammermusikkalbumet Baroque. På det siste albumet kombinerer Nils Mönkemeyer saman med ensemblet l´arte del mondo Paganinis Sonata per la Grand‘ Viola e Orchestra med arrangement for cello og basunkonsertar av Antonio Vivaldi og «L’arte del arco» av Giuseppe Tartini. Våren 2023 gav Mönkemeyer ut eit nytt album i samarbeid med fløytespelaren Dorothee Oberlinger.

Nils Mönkemeyer arbeider med dirigentar som Andrej Boreyko, Sylvain Cambreling, Constantinos Carydis, Nicholas Collon, Reinhard Goebel, Elias Grandy, Pietari Inkinen, Vladimir Jurowski, Joana Mallwitz, Andrew Manze, Cornelius Meister, Mark Minkowski, Kent Nagano, Markus Poschner, Kristiina Poska, Michael Sanderling, Clemens Schuldt, Markus Stenz, Mario Venzago og Simone Young, og han har vore solist med store orkester i mellom anna Sveits, Storbritannia, Helsingfors, Frankrike, Austerrike, Tyskland og Japan. I 2023 hadde Mönkemeyer kunstnarleg tilknyting («artist in residence») til festivalen Schwäbischer Frühling.

Som musikar har Nils Mönkemeyer eit sterkt ønske om å byggje bruer med musikk ved å gjere han tilgjengeleg for vanskelegstilte menneske. Av den grunn starta han kammermusikkfestivalen «Klassik für Alle» i 2016, saman med velferdsorganisasjonen Caritas Bonn.

Mönkemeyer har vore lærar ved Hochschule für Musik und Theater i München sidan 2011 – den institusjonen der han sjølv studerte med Hariolf Schlichtig. I 2022/2023 var han gjestelærar ved Sibelius-Akademin ved Konstuniversitetet i Helsingfors.

 

Nils Mönkemeyer spelar på ein bratsj som er laga av Philipp Augustin.

Previous
Previous

Ragnhild Hemsing

Next
Next

Tamar Beraia