VOKAL

MARI ERIKSMOEN

Sopran

Frå ho avslutta studia ved Operaakademiet i København i 2010 har Mari Eriksmoen hatt det mange reknar for å vere ein kometkarriere. Den nådde eit viktig høgdepunkt då ho debuterte ved Teatro alla Scala i Milano i juni 2013, som Waldvogel i Wagners Siegfried. 

Eriksmoen debuterte ved Den Norske Opera & Ballett alt som 23-åring i turnéfamsyninga Operaen kommer!. Same stad har ho også sunge rolla som Olympia i Hoffmanns eventyr, Adéle i Flaggermusen og hausta stor suksess som Pamina i Tryllefløyten.

Det store internasjonale gjennombrotet kom då ho på kort varsel overtok rolla som Zerbinetta i Strauss' Ariadne auf Naxos i Wien, for verdsstjerna Diana Damrau.

Andre viktige oppgåver inkluderer engasjement ved Theater an der Wien, Oper Frankfurt, Det Kongelige Teater i København, Kungliga Operan i Stockholm, Opéra dei Lille, Zürich Oper, Bayerische Staatsoper, La Monnaie, Glyndebourne Festival, Concertgebouw, Festival d'Aix-en-Provence, Lucerne Festival, Baden-Baden Festspiele, Dutch National Opera og BBC Proms. Nyleg debuterte ho som solist med Simon Rattle og Berlinfilharmonien. Heime i Noreg kan ho høyrast som Susanna i Figaros Bryllup og Sofie i Rosenkavaleren ved Den Norske Opera neste sesong.

VALDRES KAMMERKOR

Kammerkor

Valdres kammerkor er eit ganske nystarta kor. Det vart fyrst settsaman for å vera med under framføringa av spelet som Inga R. Hegge skreiv til Hegge Kyrkjes 800-årsjubileum i 2016. Frå nyttår 2017 har det eksistert som fast kor og det hadde sin fyrste eigne konsert på Valdres Folkemuseum i mai 2017. Koret ynskjer å spesialisere seg på klassisk musikk som passar best for små ensemblar (maksimum 16 røyster).

Please reload

major.jpg
sponsor_valdres.png
sponsor_ofk.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now