sponsor_valdres.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS

major.jpg
sponsor_ofk.png

«Testosteron» legg mannsrolla under kniven

Fredag kveld under Hemsingfestivalen er det duka for førestillinga «Testosteron» i Låvin på Nythun. Aktørane lovar dette blir musikalsk, intimt, morsomt og interessant. Her blir fleire sjangrar blanda, som føredrag, stand up, monolog-teater og opera.

– Førestillinga handlar om ein mann i ei livskrise som prøver å finne ut av livet sitt og kva han skal gjere etter eit samlivsbrot. Han undrar seg over korleis han no skal få livet til å gå rundt, kva han skal gjere og korleis han skal finne kjærleiken igjen, fortel Frank Havrøy som har hovudrolla.

Havrøy har vore med på å skrive manuset til stykket i samarbeid med Lars Erik Holter som har regi. Musikken er skrive av Trond Lindheim. Ensemblet TRAKTOR står for mykje av det musikalske og sleng seg også med på scena.

«Testosteron» startar med at mannen skal halde eit føredrag saman med eit orkester. Etter kvart viser det seg at han slit med litt av kvart, og tenker at alt kanskje berre kunne løyst seg om han var Morgan Kane, for då kan han ta skurkane og sjekke alle damene.

– Han kjenner på at livets klokke tikkar fort, han står på bar bakke. Han føler seg eldre og har begynt å få kulemage og hår i nasen og det er ikkje noko gøy. Livet spring frå han, fortel Havrøy.

Førestillinga har vore ute på turné med Teater Innlandet, og har blant anna besøkt Fagernes kulturhus i 2018. Den vart også vist fram under Heddadagane i fjor. Ifølge Frank Havrøy har det vore mykje positiv respons frå publikummet, og det evig aktuelle temaet byr på mange diskusjonar både før og etter førestillinga. No gler dei seg til å vise dette fram på Nythun under Hemsingfestivalen i februar.

– Det er veldig stas. Det er eit meir intimt lokale i Låvin enn det vi er vant med og eg trur det kjem til å kle denne førestillinga veldig godt. Dette blir utruleg gøy, seier hovudrolleinnhavaren.

 

Heilaften på Nythun!

Vi gir deg rabatt på førestillinga om du bestiller middag på Nythun i forkant. Få eit måltid på Nythun fredag klokka 20.15 til 600 kroner ved å booke på telefon eller epost! Så kan du bruke rabattkoden «NythunHemsing» på Ticketco og få førestillinga til berre 300 kroner!  

 

Bestilling av bord på Nythun må skje innan torsdag 20. februar klokka 16.00

Billett til I kveldsetun - «Testosteron» med TRAKTOR finn du her!

Omtalar av «Testosteron»

Den mannlige livskrisa er alvorlig nok. Men ikke mer alvorlig og naturlig enn at det går an å se på den med skråblikk og satire. En viss melankoli til tross, «Testosteron» er 70 fornøyelige minutter proppet med oral, vokal og musikalsk scenekunst.

Gudbrandsdølen Dagningen

At en livskrise kan skildres så hysterisk morsomt, kan kanskje bare oppleves når Traktor har en finger med i spillet.

Hamar Arbeiderblad