sponsor_valdresbil.jpg
sponsor_dextra.png
sponsor_valdres.png
sb1hv.png
sponsor_kulturraadet.png
major.jpg
sponsor_hedda.png
sponsor_ofk.png

Capricorn Offshore AS

PROGRAMLEIAR

ERLING DAHL JR.

Programleiar og foredragshalder

Erling Dahl jr. (f. 1946) er frå Malm i Nord-Trøndelag og bur i Bergen. Han er tidlegare direktør for Edvard Grieg Museum, Troldhaugen og Festspillene i Bergen.

Vidare er han kjend som konsertformidlar på Troldhaugen og i Festspillene og frå mange verv innanfor norsk musikkliv. Han har skrive bøker  og artiklar om Edvard Grieg og har halde foredrag og forelesingar i mange land. Bøkene hans er omsette til både japansk, kinesisk og engelsk.

No sit Dahl i styret for Vinterfestspill i Bergstaden. Han var sterkt involvert i Berliner Philharmonikers besøk 1. mai 2016 og er i leiinga for samarbeidsprosjektet mellom Berlinfilharmonien og Vinterfestspill i Bergstaden – «KonstKnekt». Han er sjølv kammermusikkentusiast, spelar cello og har deltatt på kammermusikkurs på Sund folkehøgskole/Nansenskolen i meir enn femti år.

LASSE THORESEN

Komponist, foredragshaldar og programleiar

Lasse Thoresen (f. 1949) er professor i komposisjon ved Noregs musikkhøgskole, der han har undervist i komposisjon, elektroakustisk musikk og sonologi sidan 1975. Han tok diplomeksamen i komposisjon ved Musikkonservatoriet i Oslo i 1972, der han studerte under Finn Mortensen. Deretter studerte han elektroakustisk musikk og komposisjon under Werner Kaegi ved Institute of Sonology i Utrecht i Nederland. Frå 1978 til 1981 leidde Thoresen eit forskningsprosjekt i sonologi for doktorgradsstudentar med støtte frå Noregs forskingsråd. Frå 1988 til 2000 var han leiar for komposisjonsutdanninga ved Noregs Musikkhøgskole i Oslo, der han enno underviser i komposisjon. Han var gjesteprofessor ved Escola Superior de Música de Catalunya i Barcelona i 2007. 

Mange av arbeida til Thoresen er høgt verdsette både i Noreg og internasjonalt. Klavertrioen Hjertets fugl vart urframført ved Festspillene i Bergen i 1982 av Oslo Trio, og gleire framståande trioar har seinare spela stykket på turnear i ulike europeiske og kanadiske konserthallar. Urframføringa av Symphonic Concerto for Violin and Orchesra (1984) vart overført direkte til ei rekkje europeiske land og har seinare vore framført på konsertar i Noreg, Sverige og Tyskland fleire gonger. 

 

I 1985 vart Les trois régénérations bestilt og urframført av Radio France i Paris. Lasse Thoresen var festivalkomponist ved Festspillene i Bergen i 1986. Emergence (1997) vart bestilt av Oslo Filharmoniske Orkester og dirigent Mariss Jansons til ein konserturné til europeiske hovudstader, mellom andre Musikverein i Wien. I 1988 vart Fire and Light. Cantata and Transformation urframført i Warszawa; arbeidet var bestilt til samtidsmusikkfestivalen Warszawa Autumn. I april 2000 vart det timelange arbeidet Som bølger på et hav for 230 utøvarar framført i Oslo Konserthus som ei markering av tusenårsskiftet. Oratorio Terraces of Light vart framført i Haifa i mai 2001 i samband med  innviinga av Baháí Terraces. I 2003 var Thoresen gjestekomponist i Kiev Musik Fest. I mai 2003 vart trippelkonserten Transfigurations framført av ein norsk trio av solistar og St. Petersbugrg Symphonic Academy som ei helsing frå Noreg i samband med 300-årsjubileet til byen.

 

I tre år (2004-2006) var Lasse Thoresen composer-in-residence ced Festival Présences, Radio Frances største musikkfestival. Sinfonietta BIT20 har brukt hans Løp, lokk og linjer på turné fleire gonger og Nordic Voices har framført musikken hans jamleg på sine turnear. 

Please reload