Program 21.-25. februar 2018

Velkomen til "intime møte med stor musikk" i Aurdal i Valdres med fleire konsertar over fem dagar  

Billettsalet har opna! Kjøp festivalpass og enkeltbillettar her:

onsdag 21.02
215B9F84-AE2E-453E-8D22-720D1AC6ED62.jpeg
  • 19:00 Smak med tonar

    Smak med tonar på Nythun Høyfjellstue, konsert med 4-retters middag.

    Det blir servert ein 4-rettars middag av ypperste kvalitet med lokale råvarer, og festivalens artistar opptrer mellom servering av rettane. 

    Kveldens kjøkemeistar er pianist Tor Espen Aspaas.

    Me ber gjestane møte på Nythun kl. 18.30 for å vera klare til middag kl. 19.00. 

    Kr 850 (bestill via ticketmaster.no eller direkte til Nythun). NB! Festivalpass gjeld ikkje her. 

torsdag 22.02
  • 16:30 Foredrag og majel (lokal matrett) på Frydenlund Skysstasjon

    Stad: Frydenlund Skysstasjon, Aurdal

    Foredrag: "Ensom vandrer Op. 43 nr. 2 - Griegs vandrere med sideblikk til Hamsun".

    Av og med Erling Dahl jr.

    Servering av lokal matrett, majel.

    Lengd: 1t 45 min

    Kr 225 

  • 19:00 Festopning - "Romantikkens idé"

    Opningskonsert i Aurdal kirke.

    Programleiar: Erling Dahl jr.

    Lengd: 1t 20 min

    Kr 320 / 220

     

    Program

    Verk av m.a Schumann, Fauré og Mendelssohn

     

fredag 23.02
  • 10:30 Guida skitur 1

    Guida skitur (rundt 13 km) frå Nythun Høyfjellstue til konserten Musikksporet i Aurdal fjellkirke kl. 13.00.

    Oppmøte på Nythun kl 10.00. Ha med nistepakke.

  • 10:30 Utstilling, Galleri Hilsen fredag

    Mini-konsert kl 11.00 med artistar frå festivalen og ope hus frå 10.30-16.00 i Galleri Hilsen på Fagernes. Valdreskunstnaren Laila Eva Hilsen er kunstmålar, grafikar og tegnar, og ho stiller ut eigne verk i kunstgalleriet.

    Gratis inngang.

    Galleriet er også ope torsdag 22. februar same tid.

  • 13:00 Musikksporet 1

    Musikksporet, ein matinékonsert i Aurdal fjellkirke på Aurdalsåsen.

    Programleiar: Erling Dahl jr.

    Lengd: 45 min

    Kr 275 / 180

    Dette er ei unik anledning til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgjevingar og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har også publikum moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, sette frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i fullt skiantrekk og nyte 45 minutt med klassisk musikk før du kan ta på deg skia og halde fram skituren.

    Det er tilbod om transport tilbake til Nythun Høyfjellstue etter konserten for å skifte og så tilbake til Aurdal for vidare program på festivalen. Book direkte til Nythun.

     

    Program

    Louis Spohr: Sonate for to fioliner i G-dur Op. 3 nr 3

    Henning Kraggerud, Ragnhild Hemsing

     

    Maurice Ravel: Sonate for fiolin og cello (1920-22)

    1. Allegro

    2. Trèf vif

    3. Lent

    4. Vif

    Ragnhild Hemsing, Alexey Stadler

     

    Schubert, Franz: Strykekvartett nr. 12 i c-moll, D.703, Quartettsatz

    Henning Kraggerud, Ragnhild Hemsing, Dana Zemtsov, Alexey Stadler

     

     

  • 13:00 Rakfisk Forte Fortissimo

    Minikonsert og lunsj på Noraker Gård i Aurdal. Buffé med spesialitetar og kortreist mat. Nils Noraker fortel om gardens historie og rakfiskproduksjon. Omvisning for dei som ynskjer det.

    Me ber om oppmøte på Noraker kl 12.30.

    Kr 500 (bestill via Ticketmaster eller direkte til Inger Raagholt, inger@hemsingfestival.com). NB! Festivalpass gjeld ikkje her.

    Dei som skal til Noraker Gard kl 13.00 får frukost kl 09.00 på Nythun Høyfjellstue og får servert lunsj på minikonserten kl 13.00.

     

    Program

    Schubert: Erlkônig

    Adrian Angelico, Ingrid Andsnes

     

    Bach: Violinsolos from the Sacred Vocal Works «Erbarme dich»

    Adrian Angelico, Eldbjørg Hemsing

     

    Klaver solo

    Ingrid Andsnes

     

    Edvard Elgar: “Salut d’amour”

    Dvorak: “Mazurek”

    Eldbjørg Hemsing, Ingrid Andsnes

     

    Strauss: “Morgen” Op. 27 No 4

    Adrian Angelico, Eldbjørg Hemsing, Ingrid Andsnes

     

     

     

  • 15:30 Musikkaperitiff

    Musikkaperitiff på Frydenlund Skysstasjon. Servering av gløgg med ein smakebit med musikk før konserten i Aurdal kyrkje kl 17.30. Sal av annan drikke.

    Lokal tradisjonsmusikk ved Ingebjørg Hegge Bratrud (langeleik) og Andris Hemsing (hardingfele).

    Lengd: Arrangementet varar i rundt 1 time. Etterpå kanefart for dei som har bestilt det.

    Kr 100 / 50

    Det er gangavstand til kyrkja.

     

    Tilbod om kanefart frå Frydenlund til Aurdal kirke. Bestilling til Hemsingfestivalen info@hemsingfestival.com innan 1.februar 2018. Kr 200 pr person. 

     

  • 17:30 Schubert & Brahms - "Tvillingsjeler"

    Programleiar: Erling Dahl jr.

    Aurdal Kirke

    Lengd: 1t 30min

    Kr 295 / 200

    Me får høyre flotte verk av desse to mestrene. Brahms beundra Schubert og spelte fleire av hans stykkjer, bl.a Forelle-kvintetten i 1855 og 1856. Han hadde stor respekt for Schubert og var veldig inspirert av han som komponist og kunstnar.

    Program

    Franz Schubert: Strykekvartett nr. 14 i d-moll “Death and the Maiden”

    Goldmund Quartet

     

    Johannes Brahms: Pianokvintett i f-moll, op. 34

    Henning Kraggerud, Eldbjørg Hemsing, Eivind Holtsmark Ringstad, Alexey Stadler, Ingrid Andsnes

     

     

     

  • 19:00 Middag ved Valdres Catering & Mathus i Frikar-Smia

    Kl 19.00-20.30 Sal av middag ved Valdres Catering & Mathus i Frikar-Smia i Aurdal mellom konsertane Schubert & Brahms og I kveldsetun. Denne middagen må ein melde seg på førehand til Hemsingfestivalen, info@hemsingfestival.com.

    Meny vil bli lagt ut om litt.

    Påmeldingsfrist: Onsdag 21.februar 2018.

     

     

     

  • 20:30 "I kveldsetun" med FUNN - samiske spor i Valdres

    I kveldsetun i Aurdal kirke med FUNN – eit verk inspirert av ei arkeologisk utgraving.

    Lengd: 1t 10min

    Kr 295 / 200

    Verket FUNN var eit bestillingsverk til Jørn Hilme-stemnet i Valdres i 2010. Komponisten Frode Fjellheim lét seg inspirere av dei arkeologiske utgravingane ved Rensenn, der fleire lag med bruksfasar blei avdekt – deriblant ein samisk eldstad. Fjellheim lèt det samiske musikalske uttrykket stå sentralt i Funn, men utforskar møtet med annan tradisjonsmusikk frå området. Verket har joik, valdresspringar, hardingfele, langeleik, bukkehorn, forsterka med moderne rytmar, klassiske fiolintonar og ikkje minst eit lag av musikarar i verdsklasse. Delane i verket har namn som glør, smie, horn og båssjoe – den heilage plassen inst i den samiske buplassen – og antydar musikk som er både eldfull, heftig, varm og vakker.

    Musikarane er:

    Frode Fjellheim, synth og vokal

    Ragnhild Hemsing, fiolin og hardingfele

    Ole Aastad Bråten, langeleik

    Hildegunn Øiseth, bukkehorn og trompet

    Snorre Bjerck, perkusjon

    Mattis Kleppen, bass  

     

     

     

laurdag 24.02
  • 10:30 Guida skitur 2

    Guida skitur (rundt 13 km) frå Nythun Høyfjellstue til konserten Musikksporet i Aurdal fjellkirke kl 13.00.

    Oppmøte på Nythun kl 10.00. Ha med nistepakke.

  • 13:00 Musikksporet 2 - "Dissonerande Bach og Mozart"

    Musikksporet, ein matinékonsert i Aurdal fjellkirke på Aurdalsåsen.

    Programleiar: Erling Dahl jr.

    Lengd: 45 min

    Kr 275 / 180

    Dette er ei unik anledning til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgjevingar og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har også publikum moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, sette frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i fullt skiantrekk og nyte 45 minutt med klassisk musikk før du kan ta på deg skia og halde fram skituren.

    Det er tilbod om transport tilbake til Nythun Høyfjellstue etter konserten for å skifte og så tilbake til Aurdal for vidare program på festivalen. Book direkte til Nythun.

     

    Program

    J.S. Bach: Frå "Inventions for String Trio" BWV 787-801

    Eldbjørg Hemsing, Eivind Holtsmark Ringstad, Stephan Koncz

     

    W.A. Mozart: Dissonance Quartet in C major k.456

    Goldmund Quartet

     

     

  • 13:00 Familiekonsert

    Familiekonsert i Frikar-Smia i Aurdal med Valdresstrykerne og musikarar frå Dextra Musica.

    Lengd: 60 min

    Kr 250 (vaksne) / kr 0 under 16 år

  • 15:30 Konsertforedrag

    Konsertforedrag «Ich werde im Himmel hören...» - Beethovens siste klaversonatar. 

    Ludwig van Beethovens (1770–1827) siste tre – opus 109, 110 og 111 – av dei i alt 32 klaversonatane, utgjer eit eige univers og er hans testamente som pianist-komponist. Bak verka ligg sterke historier frå det siste leveåret til det døve geniet. Tor Espen Aspaas fortel og spelar. 

    Stad: Festsalen på Valdres Folkemuseum på Fagernes.

    Kr 200 / 100

  • 17:30 Kammerkveld - "Den klare natt"

    Den klare natt, ein kammerkveld i Aurdal kirke.

    Programleiar: Erling Dahl jr.

    Lengd: 1 t 30 min

     

    Program

    W.A. Mozart: Piano Quartet in Ess Major k.493

    Henning Kraggerud, Dana Zemtsov, Stephan Koncz, Yulianna Avdeeva

     

    Dans og koreografi ved Hallgrim Hansegård

     

    Arnold Schönberg: “Verklärte Nacht”, strykesekstett op. 4

    Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing, Eivind Holtsmark Ringstad, Dana Zemtsov, Alexey Stadler, Stephan Koncz

     

    Kr 290 / 200

  • 19:30 Konsertquiz

    Me startar avsluttninga laurdagskvelden med ein uformell musikkquiz. Bente Hemsing leiar quizen, og festivalens artistar opptrer. Det blir varierte spørsmål innimellom musikkinnslag som publikum kan svare på enkeltvis eller i gruppe.

    Lengd: 60min

    Sal av lokal mat og drikkevarer i SMIA fredag og laurdag kveld.

     

    Kr 250 / 150. Aftenpostens A-kort, kr 204 

    NB! Du kan kjøpe ein samlebillett for både «Konsertquiz» og «Virtuosen» laurdag kveld til kr 350 hjå ticketmaster.no. Aftenpostens A-kort for pakketilbod, kr 285 

  • 21:00 Virtuosen

    Klassiske perler og virtuos musikk.

    Programleiarar er Knut Aastad Bråten og Ole Aastad Bråten.

    Sal av lokal mat og drikkevarer i Frikar-Smia fredag og laurdag kveld.

    Lengd: 1t 15min

    Kr 290 / 190 

    NB! Du kan kjøpe ein samlebillett for både «Konsertquiz» og «Virtuosen» laurdag kveld til kr 350 hjå ticketmaster.no. Aftenpostens A-kort for pakketilbod, kr 285

søndag 25.02
  • 12:00 Avslutningskonsert

    Avslutningskonsert i Aurdal kirke.

    Program

    Verk av Mozart, Fauré og Händel  

     

    Artistar

    Adrian Angelico, Svein Erik Sagbråten, Valdres Kammerkor, Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing, Dana Zemtsov, Eivind Holtsmark Ringstad, Stephan Koncz, Alexey Stadler

     

    Lengd: 1 t 15 min

     

    Kr 290 / 200