• Hemsing Festival

Tor Espen Aspaas

Tor Espen Aspaas (fødd på Røros i 1971) er ein av dei mest profilerte pianistane og musikkformidlarane i sin generasjon av norske musikarar. I 2016 vart han utnemnd til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats for musikk- og kulturformidling.


Aspaas mottok sitt solistdiplom ved Noregs musikkhøgskole i 1996 og debuterte i Oslo året etter med strålande kritikkar. Sidan 2006 har han vore professor ved Noregs musikkhøgskole, der han ved sida av undervisning og rettleiing arbeider med eit forskingsprosjekt på improvisasjonens rolle i Beethovens kreative prosessar og verk (www.nmh.no). Han er tildelt ei rekkje prisar og utmerkingar – deriblant De Unges Lindemanpris, Levinprisen 2005 og Nils Larsens legat – og han har vore solist med fleire internasjonale symfoniorkester i tillegg til alle norske etter den kritikarroste debuten med Oslo-Filharmonien i 2000. Blant dirigentane Aspaas har samarbeidd med som solist, finn vi namn som Frans Brüggen, Vassilij Sinajskij, Michel Plasson, Stefan Karpe, Krzysztof Urbanski, Christian Eggen, Bjarte Engeset, Peter Szilvay, Rolf Gupta og Arvid Engegård. Med sistnemnde som dirigent for Trondheim symfoniorkester urframførte Aspaas i 2011 Olav A. Thommessens klaverkonsert nr. 3. Med same orkester, dirigert av Daniel Blendulf, urframførte han i 2016 Terje Bjørklunds første klaverkonsert.


Ved sida av konsertar og verdsomspennande turnear er Tor Espen Aspaas jamleg engasjert ved norske og internasjonale festivalar og seriar. Hausten 2010 vart Aspaas lagd merke til med ein serie framføringar av Debussys 24 preludium komplett, m.a. i Den Norske Opera. I 2013 fekk han sin USA-debut med ein solokonsert i Carnegie Hall, NY. Det siste tiåret har han systematisk arbeidd med å utvikle forma konsertforedrag (lecture recital), og han har halde ei rekkje slike på fleire språk i inn- og utland.


Tor Espen Aspaas har ein omfattande diskografi med 14 cd-utgivingar bak seg, blant desse internasjonalt kritikarroste solo-cd-ar med verk av Beethoven, Schönberg, Berg og Webern og den franske komponisten Paul Dukas’ samla klaververk. Aspaas var ein av initiativtakarane og kunstnarisk leiar for Vinterfestspill i Bergstaden på Røros i åra 1999−2008. Dessutan var han leiar for festivalen i 2014 og for 20-årsjubileet i 2019 (www.vinterfestpill.no).

sponsor_valdres.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS

major.jpg
sponsor_ofk.png