• Hemsing Festival

Marit Karlberg og Frank Rolland

Marit Karlberg og Frank Henrik Rolland har dukka ned i folkemusikken sine skattekister og funne slåttar, ballader, viser, salmar og slåttestev som dei vil dele med lyarane. Musikken har vandra i tid og rom, og funne rotfeste i folkemusikktradisjonane i Hardanger og Valdres. Du får høyre hardingfele og song i solo og samspel, av og til med følgje av langeleik og harmonium. Frank Henrik Rolland, hardingfelespelar frå Hardanger og fylkesmusikar i Hordaland. Læraren hans på hardingfele har vore Knut Hamre, og han har sjølv vore lærar for ei rekkje yngre felespelarar ved musikkskular i Hardanger. Rolland gav ut den første soloplata si i 2008: Hardingfele. Her fordjupar han seg i klassiske slåttar frå Hardanger, som han framfører i presise og nyanserike versjonar. Marit Karlberg har ei av dei mest særeigne kvedarstemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle, og er kreativ og nyskapande. Ho har bruka mykje tid på å leite i gamle songbøker og arkiv, og har utvikla sin eigen spelteknikk på langeleiken som ho brukar til akkompagnement. Karlberg var med i vokalgruppa Dvergmål (1995 - 2005) og er aktiv med duoen Sudan Dudan i lag med Anders Erik Røine.

major.jpg
sponsor_valdres.png
sponsor_ofk.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS