• Hemsing Festival

Liv Bernhoft Osa

Liv Bernhoft Osa er født i Bergen, og oppvaksen på Voss der ho framleis har sterk tilknytning.  Liv bur i Oslo, og er tilsett ved Nationaltheatret. Der har ho spela utallege roller gjennom 40 år som skodespelar.  I 2011 mottok ho Heddaprisen for «Fru Fåttnok» i «Uskyld». Ho har også spela på Det Norske Teatret, Oslo Nye Teater og Fjernsynsteateret i Oslo, på Den Nationale Scene i Bergen og Nordland Teater i Mo i Rana.  I tillegg har ho reist rundt i Norges land med Riksteateret fleire gonger. For det stor publikum er ho vel mest kjend for roller i NRK Drama, i «Fedrelandet», «Vestavind» og «Jul på Månetoppen». Av filmar kan nemnast «Svein og Rotta og Ufo-mysteriet», «Detektiv Downs» og som mora i «Pyromanen» fekk ho Amandaprisen for beste kvinnelege skodespelar i 2016 samt Kanonprisen for samme rolle.  Liv er glad i å spela klassisk dramatikk, men også å vera med å føra fram ny dramatikk, slik som «Visning» av Cecilie Løveid som fekk Kritikarprisen i 2014. Den siste forestillinga ho har vore med i, har nettopp hatt premiere, «Menneske, kjære menneske», poesi av Nils-Øyvind Haagensen og musikk ved Erlend Ropstad.

major.jpg
sponsor_valdres.png
sponsor_ofk.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS