• Hemsing Festival

Hyung-ki Joo

(ENGLISH TEXT BELOW) Komposisjon og piano

Hyung-ki Joos opphavlege ønske om å bli musikar kom av ønsket om å kunne komponere. I dag blir komposisjonane og arrangementa hans framførte over heile verda av musikarar og orkester som New York Philharmonic, London Philharmonic, Wiener Symphoniker og Chicago Symphony, ofte med Joo som solist og dirigent.


Til lærarar har han hatt Simon Parkin og Malcolm Singer i komposisjon og improvisasjon, Peter Norris i harmonilære, Joel Feigin i kontrapunkt og Nils Vigeland i musikkteori.


Hyung-ki Joo har samarbeidd med den Academy®Award-vinnande komponisten Vangelis, og han vart vald av Rock and Roll Hall of Fame-utnemnde Billy Joel til å arrangere og spele inn Joels solokomposisjonar for piano på det siste albumet hans til no, Fantasies and Delusions. Hyung-ki Joo skriv òg musikk jamleg saman med duopartnaren Aleksey Igudesman i Igudesman & Joo, og saman har dei blitt bestilte til å skrive verk for orkester som Pittsburgh Symphony, Düsseldorfer Symphoniker, New York Philharmonic og Tonhalle-Orchester Zürich.


Hyung-ki Joo er britisk, men ser koreansk ut, eller omvendt, eller begge delar. Søkeord på nettet relaterte til #Hyung-ki_Joo er #Composer, #Pianist, #Conductor, #InspiringStudents, #YouTubeSensation, #KaratePiano, #FastestToothbrusherInTheWorld, #WatchedMissionImpossibleEightTimesInARow, #TaylorSwift’sSecretAsianFantasy, #Pomegranate, og #Aadvark. Hyung-ki, som skal uttalast YOUNG-KEY med ein «H» framfor, er også den einaste koreanske «jew» (stava J-O-O) i verda.

Hyung-ki Joo begynte med pianotimar då han var åtte og eit kvart år gammal. To år seinare vann han ein plass på Yehudi Menuhin School. Der oppdaga han at han var blant geni og vedunderbarn, og var sikker på at han ville bli kasta ut av skulen. Han vart aldri kasta ut, men lærarar og medelevar, som Aleksey Igudesman, sparka han i diverse anatomiske delar slik at håpet om framtidig avkom vart heller fjernt. Uansett kor vanskelege dei sju åra på skulen var, styrkte det berre kjærleiken hans til musikk, og ei stund etter eksamen vart han vald ut av Yehudi Menuhin sjølv til å vere solist på jubileumskonserten på 80-årsdagen hans i Barbican Hall, London. På YouTube kan ein sjå eit lite klipp av Joo  som øver på Beethoven saman med Menuhin.


Hyung-ki Joos lærarar har vore Nina Svetlanova, Beryl Kington, Peter Norris, Seta Tanyel, Irina Zaritskaya, Vlado Perlemuter, Oleg Maisenberg, Richard Goode og Ferenc Rados. Han er evig takknemleg for all den tida dei har brukt på han, og for at dei har vore så sjenerøse å dele sin kunnskap med han.


Hyung-ki Joo har små hender (men berre hendene er små), og derfor finn han det vanskeleg å spele visse typar pianorepertoar, som musikk av Rakhmaninov, som hadde Store Hender. Men jamvel med dette vesle hinderet spelar han kammermusikk, solonummer, konsertar, sine eigne komposisjonar og alt anna som inneheld ein god pianodel.


ENGLISH BIO


COMPOSER

Hyung-ki Joo’s initial wish to become a musician was born out of a desire to compose. Today, musicians and orchestras that include the New York Philharmonic, London Philharmonic, Vienna Symphony and Chicago Symphony perform his compositions and arrangements worldwide, often with Joo as soloist or conductor.


His teachers have included Simon Parkin and Malcolm Singer for composition and improvisation, harmony with Peter Norris, counterpoint with Joel Feigin, and theory with Nils Vigeland.


Hyung-ki Joo has collaborated with Academy®Award-winning composer, Vangelis, and was chosen by Rock and Roll Hall of Fame inductee, Billy Joel, to arrange and record Joel’s solo piano works on his last album to date, Fantasies and Delusions. He also regularly co-writes with his Igudesman & Joo duo partner, Aleksey Igudesman, and together they have been commissioned to write works for orchestras such as the Pittsburgh Symphony, Dusseldorf Symphony, New York Philharmonic, and Zurich Tonhalle.

PIANIST

Hyung-ki Joo was born. He is British, but looks Korean, or the other way around, or both. On the Internet, related searches for #Hyung-ki_Joo include: #Composer, #Pianist, #Conductor, #InspiringStudents, #YouTubeSensation, #KaratePiano, #FastestToothbrusherInTheWorld, #WatchedMissionImpossibleEightTimesInARow, #TaylorSwift’sSecretAsianFantasy, #Pomegranate, and #Aadvark. Hyung-ki, pro­nounced forever, YOUNG-KEY with an “H” in front, is also the only Korean Jew, (spelt J-O-O), in the world.


He started piano lessons at the age of eight and a quarter, and two years later won a place at the Yehudi Menuhin School. There, he discovered that he was among geniuses and child prodigies and was convinced he would be kicked out of the school. In the end, he was never kicked out but teachers and fellow students, such as Aleksey Igudesman, did kick him around in various parts of his anatomy, making the future of any offspring rather bleak. No matter how difficult those seven years at the school may have been, it only strengthened his love of music, and a while after graduation, he was chosen by Yehudi Menuhin himself to perform as soloist for his eightieth birthday concert at the Barbican Hall, London. You can see a tiny clip of them rehearsing on Hyung-ki Joo’s YouTube Channel: Joo rehearses Beethoven with Menuhin


Hyung-ki’s teachers have included Nina Svetlanova, Beryl Kington, Peter Norris, Seta Tanyel, Irina Zaritskaya, Vlado Perlemuter, Oleg Maisenberg, Richard Goode, and Ferenc Rados. He is eternally thankful to them for all their time, generousity, and sharing the gift of their knowledge.


Hyung-ki has small hands, (but only hands small), and therefore finds some piano repertoire quite difficult to play, such as the music of Rachmaninov, who had Big Hands.

Anyway, even with this small hindrance, he performs chamber music, recitals, concertos, his own compositions, and anything else that includes a good piano part.

sponsor_valdres.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS

major.jpg
sponsor_ofk.png