• Hemsing Festival

Ragnhild Hemsing

NORSK (English below) Ragnhild Hemsing skil seg ut blant dei nye talenta i Noreg som ein uvanleg allsidig artist. Ho har djupe røter i den rike folkemusikktradisjonen i Noreg, og det gjer henne til ein av dei første artistane som på ein vellykka måte smeltar saman typiske trekk ved norsk folkemusikk og klassisk musikk på ein ungdommeleg, frisk og fullt ut moderne måte.

Hemsing har eit stort repertoar med klassiske soloverk for fiolin, og supplerer det med meir uvanlege og kompliserte verk skrivne for hardingfele. Innanfor samtidsmusikk kan nevnast samarbeidet med den norske komponisten Lasse Thoresen og den unge norske koreografen Hallgrim Hansegård. Saman har dei framført «Yr» av Lasse Thoresen, over heile Noreg og på internasjonale scener. I etterkant har Hemsing spela inn dette verket på plate – den første soloplata hennar – på plateselskapet Simax. Denne cd-en og innspelinga hennar av Halvorsens «Fossegrimen» op. 21 for Chandos med Bergen Filharmoniske Orkester og Neeme Järvi fekk framifrå omtale frå kritikarane. Etterpå inviterte Järvi Ragnhild Hemsing til å spela med Estonian National Symphony Orchestra i februar 2012. Då ho var berre 14, debuterte Hemsing med Bergen Filharmoniske Orkester, der ho framførte Mendelssohns fiolinkonsert. Same år spela ho med Trondheim Symfoniorkester, og året etter vart ho invitert til å spela med Oslo-Filharmonien. Etter det har ho spela med alle dei større norske orkestera. Som solist med orkester dei siste åra kan nevnast Minnesota Orchestra (Andrew Litton), DR SymfoniOrkestret, Residentie Orkest The Hague (Santtu-Matias Rouvali), Nordic Symphony Orchestra (Anu Tali), Ukrainian National Philharmonic Orchestra, Göteborgs Symfoniker, NDR Radiophilharmonie i Hannover (Eivind Gullberg Jensen), Tampere Philharmonic, MDR Sinfonieorchester Leipzig, Tonhalle-Orchester Zürich, Philharmoniches Orchester Freiburg (Fabrice Bollon), National Orchestra of Belgium (Ion Marin) og Düsseldorfer Symphoniker med eit «carte blanche»-program.

Ragnhild Hemsing har vore gjesteartist ved alle dei store festivalane og konserthusa i Noreg, mellom andre Festspillene i Bergen, Festspillene i Nord-Norge, kammermusikkfestivalane i Oslo, Stavanger og Trondheim, Nordlysfestivalen i Tromsø, Hardingtonar og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, der ho har kombinert folkemusikk med eit klassisk repertoar. Ho har òg opptredd på festivalane Cheltenham, Verbier, Bellerive og AlpenKlassik, og spelt recitaler i Wigmore Hall, Kennedy Center i Washington D.C., i Mariinsky Concert Hall, Beethovenfest Bonn, Moravian Autumn i Brno, WDR Köln og Schwetzinger SWR Festspiele.

Ragnhild Hemsings nye plateinnspeling «Northern Timbre» frå 2017 med pianisten Tor Espen Aspaas på plateselskapet 2L, har eit tvers gjennom nordisk repertoar og har motteke strålande kritikar. Hemsing har motteke mange prisar, mellom anna First Prize og European Union Prize under Kocian International Violin Competition. I 2012 fekk ho den prestisjetunge Arve Tellefsens Musikerpris. Etter debuten ved Beethovenfest Bonn 2013 fekk ho den anerkjente prisen Beethoven-ring av foreininga «Borgarar for Beethoven». Ragnhild Hemsing er ein velkjend artist på norsk radio og tv. Saman med systera Eldbjørg Hemsing spela ho inn ein timelang dokumentar om livet til Ole Bull – eit program som fekk ein EBU-pris. Saman med systera Eldbjørg, er Ragnhild kunstnerisk leder av Hemsingfestivalen, ein kammermusikkfestival for intime møte med stor musikk i veke 8 i februarmånad kvart år. Vinterfestivalen i Aurdal i Valdres vart etablert av systrene i 2013. For meir info om festivalen, sjå www.hemsingfestival.com.

Ragnhild Hemsing vart fødd i Valdres i 1988, i hjartet av Folkemusikk-Noreg. Ho begynte å spela fiolin då ho var fem, og studerte ved det prestisjetunge Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og deretter med professor Boris Kuschnir i Wien. Ho spelar på ein fiolin bygd av Francesco Ruggeri (Cremona, 1694) som er utlånt frå Dextra Musica. ENGLISH Ragnhild Hemsing stands out amongst the rising stars in Norway as a remarkably poised artist. Her unique upbringing, deeply immersed in the rich folk music traditions of Norway enables her to be one of the first artists to successfully merge the instantly identifiable characteristics of Norwegian folk and classical performance in a young, fresh and entirely contemporary fashion.

At only 14 years of age Ragnhild made her debut performing the Mendelssohn Concerto with both, the Bergen Philharmonic and the Trondheim Symphony Orchestra. Since then she has performed with all major Norwegian orchestras. She supplements her large repertoire of standard solo classical works for violin with more unusual and complex works written for the Hardanger Fiddle. Ragnhild’s most notable contemporary collaboration is her work with the Norwegian choreographer, Hallgrim Hansegård. Both have performed ‘YR’, by Norwegian composer Lasse Thoresen, throughout Norway and she has recorded this work for her solo debut-CD on the Simax label. This CD as well as her recording of Halvorsen’s “Fossegrimen”- Suite for Chandos with the Bergen Philharmonic and Neeme Järvi received outstanding critical acclaim. Neeme Järvi subsequently invited Ragnhild to debut with the Estonian National Symphony Orchestra Debuts over the past years include a.o. the Kennedy Center in Washington D.C., the Gothenburg Symphony, the NDR Radio Philharmonic Hannover, the Beethovenfest Bonn, Nürnberger Symphoniker, Freiburg Philharmonic Orchestra, the Residentie Orkest The Hague, the Tampere Philharmonic (Santtu-Matias Rouvali), the MDR Radio Symphony Orchestra Leipzig (Kristjan Järvi), the Risør Chamber Music Festival, the National Orchestra of Belgium, the Düsseldorf Symphony at the Tonhalle Düsseldorf, the Schwetzingen SWR Festival and the Tonhalle Zürich. She has performed the world premiere of Lasse Thoresen’s “Sprang”, together with her sister Eldbjørg and the Trondheim Soloists at the Bergen International Festival with further performances at St Petersburg’s Marinsky Concert Hall, the Bashmet Festival in Omsk, the Moravian Autumn in Brno, and at Trondheim celebrating the Trondheim Soloists’ 25th anniversary. 

Ragnhild´s new recording "Northern Timbre" was released in 2017 on 2L label together with pianist Tor Espen Aspaas with works from Grieg, Sibelius and Nielsen. 

Ragnhild has given guest appearances at all major festivals of of Norway, and she is a well known artist on Norwegian radio and TV. Together with her sister, Eldbjørg Hemsing she recorded a one hour documentary on the life of the famous Norwegian violinist Ole Bull which received an EBU award.

After her most successful debut at the Beethovenfest Bonn 2013, Ragnhild Hemsing was awarded the Beethoven-Ring of the “Citizens for Beethoven”.

Ragnhild is the artistic leader of Hemsing Festival together with her sister Eldbjørg. The two sisters established the chamber music festival in 2013 which takes place in their hometown in Valdres week 8 every year. For more info, see www.hemsingfestival.com

Ragnhild was born into the heart of the Norwegian folk region, Valdres. She began to play the violin at 5 years of age and continued her studies at the prestigious Barratt Due Institute of Music in Oslo, followed by studies with Boris Kuschnir in Vienna. She plays on a Francesco Ruggeri Violin (Cremona, 1694) kindly on loan from the Dextra Musica Foundation.

major.jpg
sponsor_valdres.png
sponsor_ofk.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS