PIANO

JULIEN QUENTIN

Piano

Den franske pianisten Julien Quentin har etablert seg som ein allsidig og følsam musikar som viser stor modenheit og verdigheit. Djupna i spelet og den distinkte, klare tonen, saman med ein lytefri teknikk, gjer han til ein etterspurd musikar både som solist og kammermusikar.

 

Quentin har hatt suksessrike musikalske debutar i Paris (Salle Cortot), Geneva Conservatorie Hall og Bargemusic i New York. Han har vore solist med Wroclaw, Qatar og Córdoba Philharmonic Orchestra under dirigentar som Tommaso Placidi, Paul Biss og Han-Na Chang. Jamleg har Quentin vore invitert til forskjellige internasjonale festivalar, og i Europa har han såleis vore med på festivalar som Verbier, Lucerne, Gstaad, Montreux, Zermatt, Dresden, Braunsxhweig, Beethovenfest Bonn, Radio France Montpellier og Saint Denis. Innspelingar med han har vore kringkasta i Canada, USA, Japan og i fleire land i Europa.

 

Julien Quentin er ein ivrig kammermusikar og har samarbeidd med artistar som Nicolas Altstaedt, Emanuel Ax, Lisa Batiashvili, David Garret, Angelika Kirchschlager, Lawrence Power og fleire.

 

Han har vore på internasjonale turnear til USA, Australia, Japan og Midtausten og i Europa, og har såleis vore på scener som Concertgebouw i Amsterdam, Wigmore Hall i London, Louvre i Paris, Baden-Baden Festspielhaus, Berlin Philharmonie, Alice Tully og Carnegie Halls i New York. Han har spela inn plater for EMI, Channel Classics og Sony RCA.

 

Julien Quentin vart fødd i Paris og begynte studia sine ved Geneva Conservatory med Alexis Golovine. I 2002 tok han diplomeksamen under rettleiing av Emile Naoymoff ved Indiana University, der han hadde ei undervisningsstilling i eitt år og fekk Presser Award. I 2003 tok han avsluttande eksamen ved Julliard School, der han studerte under György Sándor. Han har òg samarbeidd med Paul Badura-Skoda, Nikita Magaloff, György Sebök og Earl Wild.

 

Julien Quentin bur no i Berlin. Med «Musica Litoralis» ved Piano Salon Christophori har han greidd å skape ein stadig meir vellukka konsertserie som minner om salongane frå dei glade tjueåra. Med synlege artistar utforskar han nye kunstnarlege idear ved å føre ulike kunstformer saman. Han dyrkar også si interesse for andre musikksjangrar gjennom samarbeidet med pianistane Kelvin Sholar og Francesco Tristano, eller produsentane Guti, dOP og Cesar Merveille i prosjekt som spenner frå improvisasjon til produksjon av elektronisk musikk.

MICHAL FRIEDLANDER

Piano

Pianisten Michal Friedlander debuterte i Carnegie Hall 15 år gammal med ein pianotrio etter invitasjon frå Isaac Stern. Kammermusikk og akkompagnement har etter den tid stått sentralt i den mangfaldige karrieren hennar.

 

Michal Friedlander vart fødd i Genève og vaks opp i Israel. Ho studerte ved Rubin Academy i Jerusalem med Benjamin Oren og Ilona Vince-Kraus som læremeistrar. Seinare tok ho avsluttande eksamen under Patricia Zander ved New England Conservatory i Boston.

 

Som aktiv soloutøvar er Michal Friedlander ofte å sjå med orkester i Europa og Israel. Blant dei er Jerusalem Symphony, Israeli Chamber Orchestra, Tel Aviv Soloists, Bruno Maderna Orchestra, Bayerischen Kammerphilharmonie, Tübinger Kammerorchester, Staatskapelle Halle, Staatsphilharmonie Rheinland-Pfalz og Hamburger Symphoniker.

 

Kammermusikkgruppene hennar og samarbeidet med andre har ført Michal Friedlander til scener som Carnegie Hall, Kennedy Center, Berliner Philharmonie, Jordan Hall og Queen Elisabeth Hall. Ho samarbeider jamleg med internasjonalt kjende solistar og songarar. Michal Friedlander var på kammermusikkfestivalane i Aix-en-Provence, Beijing, Sapporo, Ravinia, Jerusalem, Zermatt og Rolandseck. Ho er kodirektør for Friedberger Musiksommer festival og ein av initiativtakarane til Prelude Concerts i Berlin.

 

Saman med Karl-Heinz Steffens har Michal Friedlander spela inn alle verk for klarinett og piano av Brahms. I ei melding av denne cd-en står det: «Det komplekse piano-akkompagnementet er nydeleg framført av Friedlander. Med det høge nivået når det gjeld lyd og berøring får ho mirakuløse klangar ut av pianoet sitt.»

 

I 2012 danna Michal Friedlander Trio Franz Schubert saman med Nikolaus Boewer og Florian Barak.

Please reload

major.jpg
sponsor_valdres.png
sponsor_ofk.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS