sponsor_valdres.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS

major.jpg
sponsor_ofk.png

ORGEL

KÅRE NORDSTOGA

Orgel

Kåre Nordstoga er utdanna ved Noregs musikkhøgskole i Oslo med mellom andre Søren Gangfløt, Bjørn Boysen og Kaare Ørnung som lærarar. Etter debutkonserten i 1978 studerte han vidare hos David Sanger i London og var ei tid organist i Ullern kirke før han kom til Oslo domkirke i 1984. Han var også tilknytt Noregs musikkhøgskole frå 1981 til 1994, det siste året som professor.

 

Som domorganist i Oslo domkirke framfører Nordstoga jamleg eit stort orgelrepertoar, mellom anna har han to gonger gitt populære konsertrekker med Bachs samla orgelverk. Han har dessutan spela inn cd-plater med orgelmusikk av Bach, Brahms, Franck, Widor og Liszt, ei innspeling med alle Bachs fiolinsonatar i samspel med Geir Inge Lotsberg på kororgelet i domkyrkja, og elles fleire plater med norsk orgelmusikk.

 

To gonger har Kåre Nordstoga vorte nominert til Spellemannprisen, og for tida er han i ferd med å fullføre si innspeling av Bachs samla orgelverk på historiske orgel i Europa. Ei av Nordstogas cd-plater frå katedralen i Caen vart nyleg kåra av BBC Radio 3 til beste innspeling av Widors Symfoni nr. 5.

 

I fjor opna Nordstoga kammermusikkfestivalen i Stavanger med Poulencs orgelkonsert og var solist i Guilmants orgelkonsert med Stavanger Symfoniorkester. Seinare på hausten var han organist hos Teater Ibsen ved ei kyrkjeoppsetjing av Ibsens Brand der han framførte sin eigen musikk. Nordstoga mottok Lindemanprisen for 2006 og Oslo bys kunstnarpris for 2015.

Please reload