sponsor_valdresbil.jpg
sponsor_dextra.png
sponsor_valdres.png
sb1hv.png
sponsor_kulturraadet.png
major.jpg
sponsor_hedda.png
sponsor_ofk.png

Capricorn Offshore AS

VELKOMEN TIL HEMSINGFESTIVALEN!

 


Hemsingfestivalen

  • inviterer til stor musikk i intime rom

  • presenterer klassisk musikk på høgt internasjonalt nivå i samspel med lokale musikk- og kulturtradisjonar

  • byr på ein unik kombinasjon av natur- og musikkopplevinga

Om Festivalen
Hemsingfestivalen blir arrangert årleg i Aurdal, ei lita fjellbygd i Valdres med 700 innbyggjarar og stolte kulturtradisjonar. Her henta Edvard Grieg og Knut Hamsun inspirasjon i den vakre naturen, og Frydenlund Skysstasjon vart ein viktig møteplass for kunstnarar frå heile Noreg.

Musikarsystrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing vaks opp i bygda, og dei vart tidleg introduserte for både klassisk musikk og folkemusikk. I dag er dei begge internasjonalt etterspurde kunstnarar med heile verda som arbeidsplass. Systrene har stor glede av å formidle musikkens magiske kraft og djupn til publikum, noko som inspirerte dei til å etablere sin eigen internasjonale kammermusikkfestival i heimbygda. Ynsket er å overføre eigen kompetanse til miljøet dei vaks opp i, og med det syne korleis musikk kan prege eit samfunn og skape identitet og tilhøyrsel.



Intime møte med stor musikk
I siste del av veke 8 (vinterferien til Oslo/Akershus) blir høgt respekterte internasjonale musikarar frå heile verda inviterte til kammermusikkfestivalen i Aurdal for å skape augeblikk ein ikkje gløymer.

Hemsingfestivalen med sitt særpreg byr på rundt 15 konsertar over fem dagar. Bygda si vakre kyrkje frå 1737 er midtpunkt for festivalen, nabobygningen Frikar-Smia byr på eit moderne scenelokale og Frydenlund Skysstasjon har eit historisk preg, mens den moderne fjellkyrkja på Aurdalsåsen inviterer til ein kombinasjon av skiturar i vakker natur og store musikkopplevingar.
Alle konsertlokala gjev ein intim og nær stemning.

Hemsingfestivalen er sterkt lokalt forankra, og har frå starten av hatt eit tilbod spesielt retta mot barn og unge i dalføret. Ynsket er å løfte den klassiske musikken i lokalsamfunnet ved å engasjere kulturskulen til å ta del i ein konsert.
Me presenterer også bygdas rike mattradisjonar og eit støttande lokalt næringsliv. Og ikkje minst er me svært takknemlege for innsatsen frå frivillige som gjer det mogleg å gjennomføre festivalen med bravur.

 



 

  • Instagram Social Icon
  • Facebook Social Icon