sponsor_valdres.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS

major.jpg
sponsor_ofk.png

PROGRAM FOR 2019 OFFENTLEGGJORT

Bilete frå programslepp på Sentralen, Oslo, 26.september

Programmet med artistar for festivalen 2019 er no offentleggjort, og billettsalet er igang!

Me gler oss til å presentere eit spennande og variert program med fantastiske musikarar!

Det er ei stor glede for oss å ynskje velkomen til ein ny Hemsingfestival 20.-24. februar der store internasjonale stjerner frå heile verda kjem til den vesle fjellbygda vår, Aurdal, med 700 innbyggjarar.

 

Ynskjet vårt er som mottoet vårt, nemleg å skapa intime møte med stor musikk! Den magiske stemninga i tette møte mellom publikum og oss musikarane gir oss mykje. Me ser fram til å gje gode og unike musikkopplevingar med mange høgdepunkt og stor musikkglede.

Bilete frå programslepp på Sentralen, Oslo, 26.september


 

Årets festivaltema er røter og forgreiningar.

Eit tre greinar seg både oppover og nedover, og me presenterer tradisjon og nytenking. I ordet «greinar» legg me både fortid og framtid. Alt har ei historie som det blir skapt ny kunst ut ifrå. Røter og tradisjon er vårt skattkammer og grunnlag for mange nye impulsar, kreativitet og ny kunst. Me har sett saman eit festivalprogram som speglar både historie og nyskaping.

Hemsingfestivalen vil spesielt løfte fram samtidskomponisten Lasse Thoresen dette året, og fleire av verka hans blir spelt på konsertane i løpet av festivalen.

 

 

 

Festivalprogrammet for 2019 inneheld 15 ulike konsertopplevingar på fem dagar med over 30 musikarar på topp internasjonalt nivå. Du får høyre musikk framført av spennande verdenskjente stjerner som Modigliani Quartet, Julien Quentin, Sharon Bezaly og Andreas Brantelid, i tillegg til kjente norske artistar som Mari Eriksmoen, Kåre Nordstoga og Gjermund Larsen. Artistane kjem til å spela kammermusikk ilag, fleire av dei for fyrste gong saman, og de vil også få høyre dei i solostykkjer.

 

Me er også veldig glade for at Erling Dahl jr. og Lasse Thoresen vil vera konsertvertar på festivalen. Dei vil fortelje og presentere musikken på kvar sine konsertar. I tillegg vil Erling Dahl jr. halde eit eige foredrag på Frydenlund Skysstasjon torsdag ettermiddag før opningskonserten i Aurdal kirke, og Lasse Thoresen vil halde eit konsertkåseri på Valdres Folkemuseum på Fagernes laurdag.

 

Hemsingfestivalen er eit unikt høve til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgjevnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell.
I tillegg til kveldskonsertane i Aurdal kirke og Frikar-Smia, kan besøkjande også hyggje seg desse dagane med middag og konsert "Smak med tonar" på Nythun, foredrag og mat på Frydenlund Skysstasjon, konsertforedrag på Fagernes Folkemuseum, mat og konsertopplevingar på Noraker Gard, matinékonsert i Aurdal fjellkyrkje, og guida skitur frå Nythun til Aurdalsåsen til enkelte konsertar der publikum kan teste ut dei fine skiløypene i området.

 

Hemsingfestivalens festivalhotell er Nythun på Kruk i Valdres. Det er rundt 15 minutt å køyre frå Aurdal kirke (tre timar i bil frå Oslo).

Nythun er kjent for kvalitetsmaten sin, og for det hyggjelege og vennlege vertskapet, Marit og Jørn. Dei vil sørgje for at de får eit hyggjeleg opphald med utsøkte matopplevingar. Det blir fleire arrangement med musikk spelt av artistane våre på Nythun festivaldagane. Og me håpar at så mange som mogleg har lyst til å bu på dette flotte fjellhotellet i festivalveka. Book direkte til Nythun,  

 

For kjøp av festivalpass eller billettar til einskilde konsertar, og meir informasjon om artistar og festivalprogrammet, sjå heimesida vår www.hemsingfestival.com.

 

Velkomen til innhaldsrike festivaldagar i februar 2019!

Ragnhild Hemsing, Lasse Thoresen og Eldbjørg Hemsing under Programslepp på Sentralen, Oslo, 26.september