Stor pris til operasanger Adrian Angelico

02.11.2017

Adrian Angelico får anerkjente Tom Wilhelmsens Operapris på kr 300 000! Hemsingfestivalen gratulerer Adrian så mykje med prisen som delast ut no i november 2017, og me gler oss til han kjem til festivalen i 2018, 21.-25.februar! Adrian opptrer på fleire av konsertane, både solo og med andre artistar på festivalen. Sjå festivalprogrammet for meir info.

Adrian Angelico kjem frå Tromsø og høyrer til den nye generasjonens norske operasangere som arbeider både nasjonalt og internasjonalt med stor framgang. Han debuterte ved Royal Opera House i Covent Garden i juni 2014 i den utfordrande rollen som Marquise de Merteuil i Luca Francesconis moderne opera Quartett. Han har spelt alt frå Gunhild Finne i Gisle Kverndokks Den fjerde nattevakt til den unge Komponisten i Richard Strauss opera Ariadne auf Naxos. Adrian Angelico er tidlivareta kjent som Angelica Voje, men valgte i fjor å endre juridisk kjønn. Hans neste rolle er Octavian i Richard Strauss Rosenkavaljeren våren 2018 på Stockholmsoperan.

Klikk vidare for å sjå utdrag av då Adrian framførte «Ariadne auf Naxos« med Arctic Philharmonic og dirigent Christian Kluxen tidlegare i år.

Tom Wilhelmsens opera- og ballettpris, den eineste i sitt slag i Norge, vart fyrste gong delt ut i 2009. Den skal bidra til fagleg vidareutvikling for personar innan opera eller ballett i Norge som allereie har gjort ein fremragande kunstnarleg eller administrativ innsats. Prisen er på kr. 300.000 og er blant landets største kulturstipend. Prisutvalget har bestått av Wilhelm Wilhelmsen, Helen Juell, Asbjørn Larsen, Ellen Horn, Ellen Kjellberg og Anne Gjevang, og er ein pristildeling som er gjort av skipsreder Tom Wilhelmsens Stiftelse.