sponsor_valdresbil.jpg
sponsor_dextra.png
sponsor_valdres.png
sb1hv.png
sponsor_kulturraadet.png
major.jpg
sponsor_hedda.png
sponsor_ofk.png

Capricorn Offshore AS

Få unike natur- og musikkopplevingar under Hemsingfestivalen

Fleire av konsertane under festivalen i februar skjer som før i Aurdal fjellkyrkje. I år får ein også moglegheit til å vere med på anten hundekøyring eller guida skitur før dei intime konsertane i kyrkja.

– Eg veit ikkje om nokon andre klassiske musikkfestivalar som har dette tilbodet, så dette er veldig unikt, seier festivalsjef, Ragnhild Hemsing.

Ein kan bestille billett til desse opplevingane no, og turane endar opp utanfor kyrkja. Då kan ein tusle rett inn i skiklede for å få med seg konsertane. Ragnhild og Eldbjørg Hemsing arrangerer festivalen i heimkommunen for åttande gong og kombinasjonen musikk og natur har vore ein naturleg del av oppveksten deira.

– Å vere i naturen her gir oss rom til å tenke og det kan verkeleg gjere oss meir opne for å ta inn ulike inntrykk. Det er sjølvsagt slik at ein kan køyre bil eller gå til kyrkja for konsertane, men eg anbefaler å vere med på ein skitur eller hundekøyring. Eg trur det gjer deg open for å ta imot formidlinga på ein annan måte, seier Hemsing.

 

Finn billett til konsertane, skiturane og hundekøyring her!
 

Intime møter med stor musikk – i naturen

Fjellkyrkja på Aurdalsåsen vart bygd for 54 år sidan og har plass til litt over 100 personar. Under festivalen kjem fleire anerkjende artistar dit. Det kan verkeleg bli ei unik og intim oppleving for publikummet, ifølge festivalsjefen.

– Artistane som kjem hit er vand med å spele på store scener og for fleire tusen publikummarar. Så dette blir intimt og spesielt for både musikarane og publikum. I staden for å reise til Berlin, Wien eller Praha for å sjå desse kjende artistane kan ein få det på ei så unik plass her i Valdres. Det er ikkje mange gonger ein har moglegheit til det, seier Ragnhild Hemsing.

Mellom anna skal Trondheimssolistane spele der. Dei er eit kammerorkester med unge talent som er blitt veldig anerkjende over heile verda. Dei har turnert over store delar av Europa, Asia, USA og Sør-Amerika. Dei samarbeider med mange store solistar og har fått ei rekke spelemannsprisar.

– Det blir heilt fantastisk å få dei tilbake og det gler vi oss til. Både eg og Eldbjørg har samarbeida med dei på ulike prosjekt og det blir ein fantastisk konsert, seier Ragnhild Hemsing.

Trondheimssolistene skal mellom anna spele saman med den kjende pianisten Hyung-ki Joo som i desse dagar spelar med Oslo Filharmonien.

– Han passar godt inn i festivaltemaet som er fridom og forvandling. Han skal spele eigne tolkingar av blant anna Grieg og Beethoven så det gler eg meg til, seier festivalsjefen.