sponsor_valdresbil.jpg
sponsor_dextra.png
sponsor_valdres.png
sb1hv.png
sponsor_kulturraadet.png
major.jpg
sponsor_hedda.png
sponsor_ofk.png

Capricorn Offshore AS

Vellykka Hemsingfestival 2019!

Les sammendrag av dagane under Hemsingfestivalen 2019!

Dag 1
Fantastisk start på Hemsingfestivalen 2019.

Med fullt hus på Nythun vart det igår servert både mat og musikk av ypperste kvalitet. Programleiar for konserten var Erling Dahl jr. som på fantastisk vis innleia dei utplukka stykka som artistane framførte. "Makalaus mat, og makalaus musikk" som Erling så bra sa det.

Tusen takk til alle som kom på Nythun!

Dag 2

Ein vakker dag to på Hemsingfestivalen 2019!

Tidleg torsdags morgon var Bente Hemsing og Stein Villa i Vestringsbygda barnehage og spreidde både glede og musikk på alle avdelingane. 
Vidare heldt Erling Dahl Jr. foredraget "Frå motgang til siger, Edvard Grieg 1877-1885" på Frydenlund skysstasjon før det var klart for opningskonsert i kyrkja. 
Det var ei fullsett Aurdal kyrkje som fekk servert ein fantastisk innhaldsrik konsert. Me fekk høyre både Beethoven, Brams, Alban Berg og Lasse Thoresen som sjølv var til stades og introduserte stykkjet. I tillegg fekk me ein herleg forsmak på fredagskonserten med To damer, To herrer.

 

 

Dag 3

Ein fantastisk dag 3 av Hemsingfestivalen 2019 med glede og musikk frå ende til annan. 
I Aurdal fjellkyrkje var det mange entusiastiske og nøgde skigåarar som kom rett frå skitur til kyrkja. Erling Dahl Jr. var programleiar og presenterte innslag med Hemsingsøstrene og Modigliani Quartet.

På Noraker Gård hadde samtidskomponisten Lasse Thoresen med seg artistane Georgy Kovalev, Andreas Brantelid og Eldbjørg Hemsing som framførte hass komposisjonar. 
På Frydenlund var det musikkaperitiff med folkemusikkduoen Bente Hemsing og Stein Villa. Det var intimt og hyggjeleg og latteren satt laust.

Kyrkjekonserten «Inspirasjon» var variert med musikk og dans. Her fekk me alle ei dose inspirasjon. «I kveldsetun» var konsert med To damer, to herrer, ein kvartett som har hatt eit nært samarbeid i fleire år. Stor stemning heldt på å lette taket! Ei god avslutning på ein fantastisk dag.

Dag 4

Laurdagen kunne ikkje ha starta betre enn “Morgonstemning” på Nythun. Ein liten times konsert til frukosten sette verkeleg stemninga denne 4. dagen av Hemsingfestivalen. 
Klukka 13.00 var det klart for Musikksporet 2: “Natur og hulder”, i Aurdal fjellkyrkje, der publikum fekk ei stor musikalsk oppleving. Gjermund Larsen og Mari Eriksmoen med si usedvanlege gode tolkning av Gershwin sin “Summertime” gav oss gåsehud!

Familiekonserten, “Dyrenes karneval”, med Valdresstrykerne, Dextra musikarar og vår eigen Eilif Nordaker, vart ei fantastisk eventyrreise for store og små i Frikar-Smia. Samstundes opplevde andre publikummarar møte med samtidskomponisten Lasse Thoresen som fortalde om sin komposisjonsverksemd på Valdres folkemuseum.

Kvelden vart avrunda med ein fantastisk Virtous-quiz leia av Bente Hemsing og Erling Dahl Jr., men før det fekk me høyre “Uvanlege kvintettar” i Aurdal Kyrkje. Laurdagen vart rett og slett komplett!

Dag 5

Sundag 24. februar var det avslutningskonsert for Hemsingfestivalen 2019 i Aurdal kirke. I lag med årets artistar fekk me også høyre Valdres Kammerkor med dirigent Svein Erik Sagbråten. Det vart ei fantastisk avslutning på ein vellukka festival! Me er utruleg takknemlege for alle dykk som har besøkt festivalen, for våre samarbeidspartnarar, og for alle frivillige som hjelper til under festivalen. De er ALLE gull verd og gjer at festivalen kan gjennomførast. TUSEN TAKK! Me håpar de sit att med gode opplevingar frå intime møte med stor musikk. Og me håpar at me sjåast att på Hemsingfestivalen 2020!


Sjå bilete frå festivalen her:
Festivalfotograf @Nikolaj Lund