BLI VEN AV HEMSINGFESTIVALEN

Vener av Hemsingfestivalen er dedikerte gjestar av festivalen for intime møte med stor musikk, og me inviterer alle gjestane våre til å bli medlemar. Ved å gje ei gåve til Hemsingfestivalen på mellom kr 1000 og 50 000, bidreg du til å støtte drifta. Som ven får du nokre fordelar det året eller dei åra du gjev støtte:
-
Programmet tilsendt i posten i starten av september
-
Rett til å kjøpe billettar ei veke før det offisielle billettsalet startar
-
Invitasjon til mottakinga etter opningskonserten i Aurdal kirke
-
Vere med i trekninga av to fribillettar til Virtuosquiz
Gåve til Hemsingfestivalen kan overførast til konto 1503 46 34715.
Om du har spørsmål, send ein e-post til info@hemsingfestival.com.