sponsor_valdres.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS

major.jpg
sponsor_ofk.png

Hemsingfestivalen får endeleg eiget flygel

Ragnhild Hemsing, Erling Levang og Patrick Noonan

Med 400 000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB og 200 000 frå forretningsmannen Christian Ringnes, kan Hemsingfestivalen no kjøpe eit heilt eiget Steinway-flygel.

– Dette har vore ein draum og noko vi har jobba for sidan vi starta festivalen. Det er verkeleg den beste gåva festivalen kunne fått. Eg er utruleg takksam, seier festivalsjef, Ragnhild Hemsing.

Mange av konsertane under festivalen i februar krev flygel, og mykje av repertoaret blir også innstudert i Aurdal veka før. Til no har festivalen leigd alle flygela av Hellstrøm Flygel & Piano i Oslo. Det blir ei lang leigeperiode og det kostar, ifølge festivalsjefen. No kjøper festivalen eitt brukt flygel av det same selskapet, og treng difor berre å leige tre. Det er av typen Steinway, som er av veldig god kvalitet, ifølge festivalsjefen.

– Flygelet har ei sødme i klangen, ein fyldig klang som passar perfekt til kammermusikk som det er mykje av på festivalen. Når vi har så mange anerkjende og dyktige musikarar som kjem til oss er det flott å kunne tilby eit sopass bra instrument for dei å spele på, seier Hemsing.

Det blir innvia under opningskonserten til festivalen i Aurdal kyrkje den 19. februar. Flygelet skal elles stå i Frikar-smia i Aurdal, der det er mykje aktivitet gjennom året. Når det ikkje er festival, vil Raghild Hemsing at det skal bli brukt til andre ting. Gjennom året kan ein bruke det til ulike konsertar og det vil bli moglegheiter til å leige det om ein vil.

 

Takksam for støtta

 

Banksjef for DNB Vest Oppland, Erling Levang har overrekte gåva frå dei før jul, men det er også kome inn eit bidrag på 200 000 frå Christian Ringnes. Hemsing seier det betyr utruleg mykje å få denne støtta, og at det betyr at dei endeleg kan få realisert draumen om å ha eit eiget flygel i Aurdal.

– Å også få ei slik gåve frå ein privatperson er utruleg hyggeleg. Det er fint bevis på at vi held på med noko bra. Det er ei utruleg støtte til meg og Eldbjørg (Hemsing) og det vi prøver å bygge opp her i Valdres, seier festivalsjefen.