sponsor_valdresbil.jpg
sponsor_dextra.png
sponsor_valdres.png
sb1hv.png
sponsor_kulturraadet.png
major.jpg
sponsor_hedda.png
sponsor_ofk.png

Capricorn Offshore AS

Hemsingfestivalen 2020  

"Fridom og forvandling"


 

Velkomen til Hemsingfestivalen 2020 med festivaltemaet fridom og forvandling! I år feirar me ein av musikkens største fridomskjemparar – Ludwig van Beethoven. Både som menneske og som komponist var han ekstremt fridomssøkjande og individualistisk. Det førte mellom anna til at han skifta bustad i Wien minst ein gong i året – han heldt ikkje ut å måtte innrette seg etter andre. Som komponist var han både politisk engasjert og hadde sterke estetiske synspunkt. Han hadde hatt store voner til Napoleon, men då den revolusjonære Bonaparte lét seg krone til keisar, vart han så skuffa at han reiv sund førstesida med dedikasjon til Napoleon på den 3. symfonien sin (Eroika) og skreiv «Til minne om ein helt». I komposisjonane sine braut han med vedtekne konvensjonar, og dei siste strykekvartettane hans vart til og med omtala som «galne».

 

I dette ligg noko som er felles for all kunst. Han oppstår i eit friksjonsfelt – inne i kunstnaren eller mellom kunstnaren og samfunnet rundt henne/han. Beethoven skapte bildet og idealet av den fridommen ein kunstnar må ha. Og denne fridommen må kunstnaren kjempe for – med seg sjølv og/eller med verda utanfor seg.

 

Grieg sa at «fridom – det er kampen for fridom». I dag er det jo diskusjon om det er noka grense for denne fridommen – for ytringsfridommen og for «retten» til å krenke.

 

Er det kunsten det er noko gale med, eller er det den/dei som blir krenkte, som set for snevre grenser? I Noreg er det framleis tvilsamt om det eigentleg er tillate å spele Duke Ellingtons versjon av Griegs «Peer Gynt»-suite. Det skapte stor forarging då den kom tidleg på 60-talet, og ei rad med krenkte kulturpersonlegdommar fekk NRK til å setje denne musikken på lista over forbodne verk. Denne lista er visst ikkje oppheva, men Ellingtons og andre komponistars frie gjennomarbeidingar av Grieg blir spela og mottekne med glede viss dei er gode – og blir gløymde viss dei er dårlege.

 

Beethoven var eit «barn» av den franske revolusjonen, og dei ideala som vart ståande etter 1789, trass i politiske tilbakeslag, krigar, diktatorar, rå imperialisme og kolonialisme, nasjonalisme, globalisering og floraen av sanne eller usanne nyheiter frå mediemangfaldet, er dei same som i 1789: fridom, likskap, brorskap. Men vi må heile tida kjempe for desse verdiane.

 

Kunstnarane er dei som aller best evnar å kjempe denne kampen, for dei arbeider heile tida i dette gnissingsfeltet mellom tradisjon og forvandling. Den store kunsten er alltid samansett av ei overflod av informasjon konsentrert i eit kunstnarleg utrykk. Resultatet er ikkje nødvendigvis «sant» – tenk på Picassos forvrengde kvinneportrett –, men all kunst handlar om Sanninga. Ho kan vere både behageleg og vakker, men også opprivande og stygg. Aksepterer me dette, kan me gå i dialog med oss sjølv, med andre og med kunstnaren. Kunstnarens kunnskap, ferdigheit og fridom fører til forvandling og forandring – i oss sjølv og i samfunnet.

 

Det er ei stor glede for oss å ynskje velkomen til ein ny hemsingfestival 19.–23. februar der store internasjonale stjerner frå heile verda kjem til den vesle fjellbygda vår, Aurdal, med rundt 700 innbyggjarar. Me gler oss til å presentere eit spennande og variert program med fantastiske musikarar.

 

Ynsket vårt er som mottoet vårt, nemleg å skape intime møte med stor musikk! Den magiske stemninga i tette møte mellom publikum og oss musikarane gir oss mykje. Me ser fram til å gi gode og unike musikkopplevingar med mange høgdepunkt og stor musikkglede.
 

Festivalprogrammet for 2020 inneheld 19 ulike konsertopplevingar på fem dagar med over 50 musikarar på topp internasjonalt nivå. Du får høyre musikk framført av spennande verdskjente stjerner og kjente norske artistar i tett samspel. 

 

I tillegg til kveldskonsertane i Aurdal kirke og Frikar-Smia kan besøkjande også hyggje seg med «Smak med tonar» på Nythun, foredrag og «Musikkapperitiff» på Frydenlund skysstasjon, konsertforedrag på Valdres Folkemuseum, «Rakfisk Forte Fortissimo» på Noraker gard og matinékonsertane «Musikksporet» i Aurdal fjellkirke med guida skitur frå Nythun til Aurdalsåsen, der publikum får oppleve dei fine skiløypene i området. 

 

Hemsingfestivalen er eit unikt høve til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell.

 

Me ynskjer dykk fine opplevingar og magiske augneblikk. Velkomen til innhaldsrike festivaldagar!

 

Kunstnarlege leiar,

Ragnhild Hemsing og Eldbjørg Hemsing