sponsor_valdresbil.jpg
sponsor_dextra.png
sponsor_valdres.png
sb1hv.png
sponsor_kulturraadet.png
major.jpg
sponsor_hedda.png
sponsor_ofk.png

Capricorn Offshore AS

CELLO

ADAM KRZESZOWIEC

Cello

Adam Krzeszowiec studerte ved Karol Szymanowski Academy of Music i Katowice i Polen, der han gjekk ut med beste resultat. Han studerte også med Frans Helmerson ved Hochschule für Musik i Köln. Nyleg tok han diplomeksamen i Chapelle Musicale Reine Elizabeth i Brussel med Gary Haffman som læremeister.

Krzeszowiec har vore prisvinar ved ei mengd internasjonale cellokonkurransar - i London, Paris, Hradec, Warszawa så vel som Katowice. Dessutan har han kome til semifinalen i Peter Tchaikovsky Competition i Moskva, i International Music Competition i Genève og i Rostropovich Competition i Paris. 

Både som solist og kammermusikar er han ein svært aktiv utøvar. Adam Krzeszowiec har såleis spela på dei fleste kjende konsertarenaer i Europa, som Wigmore Hall i London, Victoria Hall i Genève, Tchaikovsky Hall i Moscow og Salle Gaveau i Paris. Han har vore invitert til musikkfestivalar som Verbier Festival, Sommets Musicaux Festival i Gstaad, Seiji Ozawa International Music Academy Switzerland i Rolle, Casals Festival i Prades, PODIUM Festival og Ensemble Festival i Ksiaz. 

Krezeszowiec har vore på scena med mange kjende artistar, som Maria Joao Pires, Augustin Dumay, Gary Hoffman, Mischa Maisky, Christian Arming og Michael Tabachnik, og han har vore solist med orkester som Brussels Philharmonic, Orchestre Philharmonique Royal de Liège, Kansai Philharmonic Orchestra, Sinfonia Varsovia, National Radio Symphony Orchestra Katowice og Orchestre de chambre de Walonie.

Innspelinga av Saint-Saëns cellokonsert nr. 1 med Orchestre Philharmonique Royal de Liège, under leiing av Christian Arming, og debutalbumet Works for cello solo, som omfattar Kodalys sonate for cello solo, har fått svært gode kritikkar.

Adam Krzeszowiec har fått mange stipend, mellom anna frå det polske kulturdepartementet, borgarmeisteren i Katowice og Yamaha Foundation. Han har også vorte utvald til stipendprogrammet Young Poland som det polske nasjonalsenteret for kultur står bak.

Sidan 2012 har han vore førstecellist i National Radio Symphony Orchestra i Katowice, og han er cellolærar ved Karol Szymanowski Academy of Music i Katowice.

ANDREAS BRANTELID

Cello

Andreas Brantelid vart fødd i København i 1987 og har foreldre frå Sverige og Danmark. Han begynte tidleg å spele cello med far sin, cellisten Ingemar Brantelid. Då han var 14, debuterte han som orkestersolist i ei framføring av Elgars cellokonsert med Det kongelige Kapel i København. I dag er Andreas Brantelid ein av dei mest ettertrakta musikarane frå Skandinavia. Han får rosande omtalar frå heile verda for dei tankevekkjande tolkingane sine, for unik fargerik klang og engasjerande personlegdom.

 

Høgdepunkt blant orkesteroppdrag i det siste var framføringar med London Philharmonic, City of Birmingham Symphony, BBC Symphony og BBC Philharmonic Orchestras, Tonhalle-Orchester Zürich, Mahler Chamber Orchestra, Brussels Philharmonic, Yomiyuri Nippon Symphony Orchestra.

 

I sesongen 2017/2018 debuterte han som solist med NDR Elbphilharmonie Orchestra, Orchestre de la Suisse, Stuttgart Radio Symphony og Berlin Radio Symphony, blant fleire. Han skal også framføre alle cellosonatane av Beethoven saman med den norske pianisten Christian Ihle Hadland.

 

Andreas Brantelid har spela på scener som Dortmund Konzerthaus, der han var ein «Junge Wilde»-artist, New York (Carnegie Hall og Alice Tully Hall), London (Wigmore Hall), Zürich (Tonhalle), Amsterdam (Concertgebouw) ofl.

 

På debutplata si, som kom på EMI i 2008, spelar Brantelid cellokonsertar av Tsjaikovskij, Schumann og Saint-Saëns saman med DR Symfoniorkestret. I 2010 gav han ut ein cd med kammermusikk av Chopin, mellom anna cellosonaten hans, og i 2012 kom ein cd med «encores» (ekstranummer). Ei innspeling av samla verk for cello og piano av Grieg kom ut på BIS i mars 2015.

 

Andreas Brantelid vann førstepremiar på Eurovision Young Musicians Competition i 2006 og på International Paulo Cello Competition i 2007. Dei følgjande åra fekk han prisar og stipend som Borletti-Buitoni Trust Fellowship i 2007, BBC’s New Generation Artist 2008–2011 og The European Concert Hall Organization «Rising Star» tour i 2008/09-sesongen. I 2015 fekk han Carl Nielsen Prisen i København.

 

Andreas Brantelid spelar på ein «Boni-Hegar»-stradivarius frå 1707, som er gjord tilgjengeleg for han med støtte frå den norske kunstsamlaren Christen Sveaas. Brantelid bur saman med kona og to døtrer i Nærum nær København.

Please reload