Arve Tellefsen kjem til

festivalen for første gong

Under fleire av konsertane på Hemsingfestivalen skal Arve Tellefsen endeleg stå på scena. Ragnhild og Eldbjørg Hemsing har spelt fleire gonger med Tellefsen, også i Aurdal. Men det er første gongen dei har fått musikaren med på festivalprogrammet sitt og gler seg til det.

– Han er ein fantastisk formidlar og ein fiolinist som har vore eit stort førebilete for oss sidan vi starta. Han er vår tids Ole Bull og det betyr mykje for oss at han har lyst til å kome hit, seier festvalsjef, Ragnhild Hemsing.

Fiolinisten er blant dei aller mest kjende musikarane vi har i Noreg. Han har gjort stor karriere som solist både her i landet og ute i verda. Han er blitt ein veldig folkekjær kunstnar med ei unik formidlingsevne.

Ein får moglegheit til å høyre Tellefsen mellom anna under musikalsk lunsj på Nythun, der han også er programleiar. Han bidreg under familiekonserten «Eventyret om Beethoven» saman med Valdresstrykarane og andre medan Liv Bernhoft Osa fortel om Beethoven. Og ikkje minst held Tellfsen han intimkonsert laurdagskvelden i Frikarsmia. Han skal spele verk av blant anna Beethoven, Grieg og Ole Bull. Hemsing-søstrene gler seg stort til å sjå førebiletet på fleire av arrangementa.

– Det blir ei god blanding av skjemt og alvor og det er alltid flotte opplevingar å sjå han på scena. Han formidlar alltid ei stor entusiasme og glede og er verkeleg ein spelemann av rang, seier Ragnhild Hemsing.

sponsor_valdres.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS

major.jpg
sponsor_ofk.png