sponsor_valdresbil.jpg
sponsor_dextra.png
sponsor_valdres.png
sb1hv.png
sponsor_kulturraadet.png
major.jpg
sponsor_hedda.png
sponsor_ofk.png

Capricorn Offshore AS

Hemsingfestivalen 2020  

"Fridom og forvandling"

 

 

Velkomen til Hemsingfestivalen 2020 med festivaltemaet fridom og forvandling! I år feirar me ein av musikkens største fridomskjemparar – Ludwig van Beethoven. Både som menneske og som komponist var han ekstremt fridomssøkjande og individualistisk.
 

Festivalprogrammet for 2020 inneheld 19 ulike konsertopplevingar på fem dagar med over 50 musikarar på topp internasjonalt nivå. Du får høyre musikk framført av spennande verdskjente stjerner og kjente norske artistar i tett samspel. 

 

Hemsingfestivalen er eit unikt høve til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell.

 

Me ynskjer dykk fine opplevingar og magiske augneblikk.
Velkomen til innhaldsrike festivaldagar!

19 Feb 2020

3200

Festival Pass

Festivalpasset gjeld for 14 konsertar på festivalen. Få plassar, me anbefalar å reservere no! 

(Arrangement med matservering som ein del av billetten, gjeld ikkje for festivalpasset. Dette må kjøpast utanom). 

19 Feb 2020

19.00

400 / 200 / A-kort

Festopning i Aurdal kirke

Programleiar: Erling Dahl jr.

Lengd: 1 t 45 min

OM KONSERTEN

Klassiske tonar frå Tyskland til St. Petersburg og ei kvartettperle av fader Haydn.

 

PROGRAM

 

Ludwig van Beethoven: Preludium og fuge i Hess 29 

Ragnhild Hemsing, Eldbjørg Hemsing, Dorran Alibaud 
 

Joseph Haydn: Kvartett nr. 64 opus 76 nr. 5         

Quatuor Arod

 

Folkemusikk   

Marit Karlberg og Frank Rolland, duo med song, hardingfele og langeleik 

Sergej Rakhmaninov: Trio elegi         

Guro Kleven Hagen, Tor Espen Aspaas, Andreas Brantelid

 

Strauss: Op 15: “Madrigal” og “Winternacht”      

Johannes Kammler, Julien Quentin
 

Dmitrij Sjostakovitsj: To stykke for strykeoktett op. 11      

  1. Prelude Adagio

  2. Scherzo Allegro Molto

Ragnhild Hemsing, Guro Kleven Hagen, fiolin TBA, Eldbjørg Hemsing, Lilli Maijala, Dana Zemtsov, Andreas Brantelid, Dorran Alibaud
 

20 Feb 2020

09.30

Lukka arrangement i barnehagen.

Musikkhage «Eg er liten eg!» i Vestringsbygda barnehage, Aurdal

OM KONSERTEN

Musikarane Marit Karlberg og Frank Rolland kjem på besøk i barnehagen med små og store instrument som dei vil syne fram og spele på. Det blir song, songleikar og hopp og sprett for alle som ikkje vil sitje stille!

20 Feb 2020

13.00

700 (festivalpass gjeld ikkje her).

Rakfisk Forte Fortissimo 1 «Musikk med smak av fortid», konsert og lunsj på Noraker Gård

OM KONSERTEN
 

Programleiar på konserten: Erling Dahl jr.

Lengd på heile arrangementet: 1 t 45 min

Konsert kl. 13.00 med festivalens artistar, og buffé kl. 14.00 med spesialitetar og kortreist mat. Nils Noraker fortel om gardens historie og rakfiskproduksjonen. 

Frammøte kl. 12.30.

Det blir vellagra mat i følgje med vellaga musikk. Tsjajkovskijs minne om ein kjær stad og den unge Gustav Mahlers romantiske pianokvartett omkransar Debussys fiolinsonate.


 

PROGRAM

 

Pjotr Tsjajkovskij: Souvenir d´lieu cher

  1. Meditation

  2. Scherzo

  3. Melodi

Eldbjørg Hemsing og Julien Quentin
 

Ludwig van Beethoven: Piano solo          

Julien Quentin 
 

Gustav Mahler: Pianokvartett i a-moll

Eldbjørg Hemsing, Dana Zemtsov, Dorran Alibaud og Julien Quentin

20 Feb 2020

15.00-16.30

Gratis

Meistermøte, open meisterklasse med Ragnhild Hemsing i Frikar-Smia

OM KONSERTEN
 

Tre unge talent er handplukka gjennom ein konkurranse arrangert i samarbeid med Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo. Talenta er inviterte til festivalen for å delta i meisterklasse med fiolinist og kunstnarleg leiar Ragnhild Hemsing, og dei kjem til å spele på utvalde konsertar. Meistermøtet er ope for publikum. 

 

Lengd: 1 ½ time

20 Feb 2020

16.30

350 (festivalpass gjeld ikkje her)

«Fridom – det er kampen for fridom», foredrag med Erling Dahl jr. på Frydenlund skysstasjon i Aurdal

Foredrag om Edvard Griegs engasjement i samfunnsdebatt heime og ute – politikk, religiøse spørsmål og språksaka. Edvard Grieg – nyttårseftan 1905.

 

Servering av majerd, lokal kjøtgryte og drikkevarer inkludert med billett

 

Lengd på foredraget: 60 min

 

Erling Dahl jr. er ein glitrande formidlar. Han har skrive bøker og artiklar om Edvard Grieg og har halde foredrag og forelesingar i mange land. Bøkene hans er omsette til både japansk, kinesisk og engelsk. Erling Dahl jr. er tidlegare direktør for Edvard Grieg Museum, Troldhaugen og Festspillene i Bergen.

20 Feb 2020

17.30

Gratis

Guida skitur med hovudlykt på Aurdalsåsen

Oppmøte ved Aurdal fjellkirke kl 17.15

20 Feb 2020

17.00

225 / 175

Hundekøyring på Aurdalsåsen

I samarbeid med Valdres Villmarkssenter.

Oppmøte ved Aurdal fjellkirke på Aurdalsåsen.

20 Feb 2020

19.00

450 / 200

«Med Béla Bartók i fjellheimen», intimkonsert i Aurdal fjellkirke

OM KONSERTEN

Lengd: 1 t

Det blir både Béla Bartók og barokkmusikk i fjellkyrkja. Bartók tok opp arven etter Beethoven og komponerte ein serie på seks strykekvartettar. Den fjerde byr på heilt nye klangar for si tid og kan utfordre oss også i dag. Barokkmusikken blir framført med solo bratsj og med Johan Halvorsens leikne Passacaglia over eit tema av G.F. Händel.
 

PROGRAM

 

Béla Bartók: Kvartett nr 4
Quatuor Arod

 

Bratsj solo

Lilli Maijala

 

Georg Friedrich Händel / Johan Halvorsen: Passacaglia 
Guro Kleven Hagen, Dana Zemtsov

20 Feb 2020

19.00

1400 (festivalpass gjeld ikkje)

Smak med tonar

OM KONSERTEN

 

Firerettars middag med musikk på Nythun. Det blir servert mat av ypparste kvalitet med musikkinnslag innimellom dei fire rettane.

 

Programleiar: Erling Dahl jr.

 

Frammøte kl. 18.30 for å vere klar til middag kl. 19.00. 

 

PROGRAM

 

Forrett        

 

Frédéric Chopin: Grande Valse Brilliante op.18   

Hyung-ki Joo

 

Ludwig van Beethoven: Frå cellosonate

Andreas Brantelid, Tor Espen Aspaas

 

1. hovudrett    

 

Maurice Ravel: Don Quichotte à Dulcinée

Johannes Kammler, Tor Espen Aspaas 

 

Astor Piazzolla: Le Grand Tango          

Julien Quentin, Dorran Alibaud 

2. hovudrett

 

Claude Debussy: Violin Sonata                      

Eldbjørg Hemsing, Hyung-ki Joo

 

Franz Schubert: Strykekvartett Nr 12  

Quatuor Arod   

Dessert

 

Maurice Ravel: Tzigane, arrangement for to fiolinar og piano  

Ragnhild Hemsing, Eldbjørg Hemsing, Hyung-ki Joo

21 Feb 2020

11.00

225 / 175

Hundekøyring på Aurdalsåsen

I samarbeid med Valdres Villmarkssenter.

Oppmøte ved Aurdal fjellkirke på Aurdalsåsen.

21 Feb 2020

10.30

Gratis

Guida skitur frå Nythun til konserten Musikksporet 1 i Aurdal fjellkirke

Oppmøte kl. 10.00. 

 

NB! Påmelding til skituren til vertskapet på Nythun innan kl. 16.00 torsdag

21 Feb 2020

13.00

450 / 200

Musikksporet 1 «Sovjetisk idealisme og Beethovensk fridom»

Matinékonsert i Aurdal fjellkirke på Aurdalsåsen

Programleiar: Erling Dahl jr.

Lengd: 1 t 

 

Dette er eit unikt høve til å oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har du også moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, sette frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i skiantrekk og nyte 45 minutt med klassisk musikk før du kan ta på deg skia og halde fram med skituren. Nythun tilbyr organisert transport tilbake til Nythun ved påmelding direkte til vertskapet. 

 

 

OM KONSERTEN

 

Ein serie duettar mellom fiolin og cello av den sovjetiske komponisten Reinhold Glière (f. 1939) blir etterfølgd av eit av høgdepunkta i kvartettlitteraturen. Beethovens kvartett nr. 1 i F-dur op. 59 (Razumovsky-kvartettane) går nye vegar og bryt med mange vedtekne konvensjonar.

 

 

PROGRAM

 

Reinhold Glière: Duo for fiolin og cello                

Eldbjørg Hemsing og Dorran Alibaud 

Ludwig van Beethoven: Kvartett nr. 1 op. 59      

Quatuor Arod

21 Feb 2020

13.00

700 (festivalpass gjeld ikkje her)

Rakfisk Forte Fortissimo 2 «Ferskt og fermentert»

Konsert og lunsj på Noraker Gård 

 

Programleiar på konserten: Tor Espen Aspaas

Lengd på arrangementet: 1 t 45 min

Konsert kl. 13.15 med festivalens artistar, og buffé kl. 14.00 med spesialitetar og kortreist mat. Nils Noraker fortel om gardens historie og rakfiskproduksjonen. 

 

Frammøte kl. 12.30.

 

OM KONSERTEN

 

Eit varmt møte med komponistar som alle svara til Robert Schumanns skildring av universell kunst. Når lokalt materiale får individuell behandling av ei ekte kunstnarsjel, kan produktet gå frå å vere lokalt til å bli universelt.

 

 

PROGRAM

 

Myllargutens brudemarsj, trad.          

Edvard Grieg: Myllargutens brudemarsj 

Ragnhild Hemsing, Tor Espen Aspaas

 

 

Schubert: Wanderers Nachtlied    

Schäfers Klagelied

An Schwager Kronos

Wonne der Wehmut

Johannes Kammler, Tor Espen Aspaas

 

 

Claude Debussy: Cello Sonata          

Andreas Brantelid, Hyung-ki Joo

 

Robert Schumann: Pianokvartett op. 47 i Ess-dur, 3. sats «Andante Cantabile»

Ragnhild Hemsing, Lilli Maijala, Andreas Brantelid, Hyung-ki Joo

21 Feb 2020

14.30

650 (festivalpass gjeld ikkje her)

Musikalsk lunsj på Nythun

Måltid med tre rettar.

 

Lengd: 1t 45 min

 

Programleiar: Arve Tellefsen.

 

PROGRAM

 

Ludwig van Beethoven: Sonate nr. 5 «Vårsonaten». 

Guro Kleven Hagen, Julien Quentin    

 

Stykkje for bratsj og piano

Dana Zemtsov, Tor Espen Aspaas

 

Innslag med ungt talent

Fiolin, Julien Quentin

 

Kjende melodiar

Arve Tellefsen, Tor Espen Aspaas

21 Feb 2020

16.30

250 / 100

Musikkaperitiff på Frydenlund skysstasjon

Lengd på arrangementet: 60 min

 

Marit Karlberg og Frank Henrik Rolland har dukka ned i folkemusikken sine skattekister og funne slåttar, balladar, viser, salmar og slåttestev som dei vil dele med lydarane. Musikken har vandra i tid og rom og funne rotfeste i folkemusikktradisjonane i Hardanger og Valdres. Du får høyre hardingfele og song i solo og samspel, av og til med følgje av langeleik og harmonium.

 

Frank Henrik Rolland, hardingfelespelar frå Hardanger og fylkesmusikar i Hordaland. Læraren hans på hardingfele har vore Knut Hamre, og han har sjølv vore lærar for ei rekkje yngre felespelarar ved musikkskular i Hardanger. Rolland gav ut den første soloplata si i 2008: Hardingfele. Her fordjupar han seg i klassiske slåttar frå Hardanger, som han framfører i presise og nyanserike versjonar.

 

Marit Karlberg har ei av dei mest særeigne kvedarstemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle og er kreativ og nyskapande. Ho har brukt mykje tid på å leite i gamle songbøker og arkiv og har utvikla sin eigen spelteknikk på langeleiken som ho brukar til akkompagnement. Karlberg var med i vokalgruppa Dvergmål (1995–2005) og er med i duoen Sudan Dudan i lag med Anders Erik Røine.

 

Sal av drikke med ein smakebit av lokalprodusert rakfisk og kurv før konserten i Aurdal kirke kl. 18.00. Det er gangavstand til kyrkja. 

21 Feb 2020

18.00

400 / 200 / A-kort

Klassisk kammerkonsert i Aurdal kirke

Programleiar: Erling Dahl jr.

Lengd: 1 t 30 min

OM KONSERTEN

 

Me går inn til kjernen av den klassiske kammermusikken – og blir der heile kvelden. Innslaga spenner frå den 16-årige Mozart via den middelaldrande (men alltid unge) Beethoven til Johannes Brahms’ aller siste kammermusikkverk frå 1890.

 

PROGRAM

 

Wolfgang Amadeus Mozart: Divertimento i D-dur K136       

Quatuor Arod  

 

Wolf: Michelangelo-Lieder
Johannes Kammler, Julien Quentin 

 

Ludwig van Beethoven: Sonate nr. 8 for fiolin og klaver   

Ragnhild Hemsing, Tor Espen Aspaas

 

Johannes Brahms: Strykekvintett nr. 2 i G-dur op. 111  

Guro Kleven Hagen, Ragnhild Hemsing, Lilli Maijala, Dana Zemtsov, Dorran Alibaud

21 Feb 2020

22.30

425 / 200

I kveldsetun «Testosteron» med TRAKTOR på Låven på Nythun

Lengd: 1 t 10 min

 

Med: Frank Havrøy og Traktor (Johannes Skyberg, Nora Hannisdal, Gunnar Flagstad, John Ivar Knutzen, Kristin Fyrand Mikkelsen og Elisabeth Maria López Wulfsberg)

 

Kva skjer med mannen når kulemagen veks, testosteronet er i fritt fall og sjølvrespekten tek ferie? I skjeringspunktet mellom teater, stand-up og opera legg musikkensemblet Traktor mannsrolla under kniven. Lag for lag skreller dei seg nådelaust innover og tek for seg forholdet hans til kvinner, dei botnlause tapa, dei avskyelege svakheitene og dei vakre draumane hans.

 

For lengst der inne, der testosteronet framleis bruser og lever, er han ikkje ein middelaldrande mann med mage som skjuler manndommen. Lengst der inne er han ein pistolero med krut i nevane og beltet fullt av ammunisjon. Ein western-helt som fuktar strupen med børst og flørtar med vakre saloon-piker. Lengst der inne er han Morgan Kane.

 

Baren er open på Nythun

22 Feb 2020

08.30-10.00

400 for frukost og konsert (for dei som ikkje bur på Nythun) (festivalpass gjeld ikkje her)

Morgonstemning, frukostkonsert på Nythun

Minikonsert kl. 09.00 med festivalens artistar.

 

(Dei som bur på Nythun, får gratis inngang)

 

Billettar blir selde til fredag kl. 16.00.
 

Programvert: Erling Dahl jr.
 

OM KONSERTEN

Dette blir ei morgonstund med gull i munn. Rakhmaninovs Andante og Griegs Andante con moto omkransar ein kjent hallingslått, Rotneims-Knut, både i tradisjon etter Olav Moe og i Griegs versjon etter Knut Johannesson Dale .


 

PROGRAM 

 

Sergej Rakhmaninov: Cellosonate i G-moll, op. 19, 3. sats, Andante

Dorran Alibaud, Tor Espen Aspaas

 

«Rotneimsknut», trad. hardingfele       

Andris Hemsing

 

Edvard Grieg: frå opus 72 «Rotnamsknut»        

Tor Espen Aspaas

 

Edvard Grieg: Klavertrio «Andante con moto»     

Ragnhild Hemsing, Andreas Brantelid, Tor Espen Aspaas

22 Feb 2020

11.00

225 / 175

Hundekøyring på Aurdalsåsen

I samarbeid med Valdres Villmarkssenter.

Oppmøte ved Aurdal fjellkirke på Aurdalsåsen.

22 Feb 2020

10.30

Gratis

Guida skitur frå Nythun til konserten Musikksporet 1 i Aurdal fjellkirke

Oppmøte kl. 10.00. 

 

NB! Påmelding til skituren til vertskapet på Nythun innan kl. 16.00 torsdag

22 Feb 2020

13.00

450 / 200

Musikksporet 2 «Orkester i fjellet» Aurdal fjellkirke på Aurdalsåsen

Programleiar: Erling Dahl jr.

Lengd: 1 t

 

Dette er eit unikt høve til å oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgjevnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har du også moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, sette frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i skiantrekk og nyte 45 minutt med klassisk musikk før du kan ta på deg skia og halde fram med skituren. Det blir organisert transport tilbake til Nythun ved påmelding direkte til vertskapet. 


 

OM KONSERTEN

 

TrondheimSolistene har gjesta scener og festivalar over heile verda, så det er naturleg at dei også blir å sjå og høyre på Hemsingfestivalen. I tillegg får de høyre orkesteret i lag med song og fiolin.
 

PROGRAM

 

Johann Sebastian Bach: Fiolinkonsert nr. 2 i E-dur, BWV 1042

Eldbjørg Hemsing og TrondheimSolistene 

 

Wilhelm Friedemann Bach: Sinfonia i F-dur, bc F 67

Georg Friederich Händel: Concerto grosso, opus 6 nr. 7 i B-dur, HWV 325

TrondheimSolistene


 

Händel: Arie from Messiah,

 “Why do the Nations”

 “the People that Walked in darkness”

Johannes Kammler, TrondheimSolistene 


Bach: Matthew Passion: “Komm, süßes Kreuz”
Johannes Kammler, TrondheimSolistene

22 Feb 2020

13.00

Gratis

“Beethoven på ski”, familiedag ved Frikar-Smia

Uteaktivitet for heile familien på jordet ved Frikar-Smia og konsert inne etterpå.


Gratis arrangement i samarbeid med Aurdal IF.


Velkomen til familiedag frå kl 13.00! Det blir ei løype med forskjellige aktivitetar for barn og vaksne som til dømes aking, kuleløype, kasting på blink, gjettekonkurranse, langrenn m.m. Dei som ynskjer kan sanke poeng gjennom aktivitetsløypa og vinne ein premie til slutt. Det er valgfritt kva for aktivitet ein er med på.

 

Kl 15.00 inviterer me alle som vil inn i Frikar-Smia til familiekonserten “Eventyret om Beethoven,” gratis inngang. 

Sal av pølse og lompe og drikke før konserten.

22 Feb 2020

15.00

Gratis

“Eventyret om Beethoven”, familiekonsert i Frikar-Smia i Aurdal

Lengd: 60 min

Gratis inngang
 

OM KONSERTEN

 

Velkomen til forteljinga om Ludwig van Beethoven - eit av dei mest kjende genia i verda. Me følgjer Beethoven som born då han leikte med tangentane på pianoet, til han som åtte-åring måtte reise på turné med far sin som hadde store ambisjonar, til han vart ein vaksen og berømt komponist som har skapt noko av det finaste som finst av klassisk musikk.

 

Forteljinga om Beethoven er ved forteljar Liv Bernhoft Osa, Arve Tellefsen, Valdresstrykerne og musikarar frå festivalen.
 

PROGRAM

 

Ludwig van Beethoven: Frå stryketrio i Ess-dur op. 3, to satsar      

Guro Kleven Hagen, Lilli Maijala, Dorran Alibaud 

 

Valdresstrykerne i samspel med dei andre musikarane på festivalen

22 Feb 2020

15.30

300 / 150

Konsertforedrag: «Beethovens 32 klaversonatar på 64 minutt»

Av og med Tor Espen Aspaas i festsalen på Valdres Folkemuseum på Fagernes

 

Lengd: 65 min

22 Feb 2020

16.00

250

«Homecoming»

Konsert og presentasjon av den nye CDen til Eldbjørg Hemsing på Frydenlund skysstasjon 

 

Lengd: 50 min

Medverkande: Julien Quentin

22 Feb 2020

18.00

450 / 225 / A-kort

“Klingande tangentar med strenger til”

Programleiar: Erling Dahl jr.

Lengd: 1 t 30 min 

 

OM KONSERTEN

 

Somme gonger blir musikarar freista til å lage «cover-låtar» baserte på verk av andre. Dette er ein kveld med pianisten Hyung-Ki-Joo der han spelar verk av Debussy og Grieg på sin måte. I tillegg er han solist i Dmitri Sjostakovitsjs konsert nr. 1. Medsolist er trompetist Brynjar Kolbergsrud.
 

PROGRAM

 

Claude Debussy, arr. Gwilym Simcock: Children’s Corner for Piano and Strings    

Hyung-ki Joo, TrondheimSolistene

 

Holberg Reflections for Piano and Strings by Hyung-ki Joo

Hyung-ki Joo, TrondheimSolistene

                        
Dmitrij Sjostakovitsj: Konsert nr. 1 for piano, trompet og strykarar   

Hyung-ki Joo, Brynjar Kolbergsrud, TrondheimSolistene

22 Feb 2020

20.30

350 / 200 / A-kort

Intimkonsert med Arve Tellefsen og Konsertkviss i Frikar-Smia

Frikar-Smia er open for kjøp av mat og drikke frå kl 19.30.

 

Programleiarar: Bente Hemsing, Arve Tellefsen og Erling Dahl Jr.

Lengd: 2 t 15 min

 

De skal få høyre ein legende og stor stjerne innanfor den klassiske musikkverda. Velkomen til intimkonsert med Arve Tellefsen! På klaver får de høyre Tor Espen Aspaas. 
 

Rett etter konserten og ein kort pause, avsluttar me laurdagskvelden med ein uformell quiz. 

Konsertkviss er ei gyllen anledning for deg til å bli kjend med musikarane frå ei annan side. Bente Hemsing og Erling Dahl jr. leiar quizen, og festivalens artistar opptrer. Innimellom musikkinnslaga blir det varierte spørsmål som publikum kan svare på enkeltvis eller i gruppe.

 

Sal av lokal mat og drikkevarer frå kl. 19.30

23 Feb 2020

12.00

Kr 400 / 200 / A-kort

Avslutningskonsert i Aurdal kirke

Programleiar: Carl Philip Weisser og Erling Dahl jr.

Lengd: 1 t 30 min

 

OM KONSERTEN

 

I dag får me møte både dei tilreisande festivalartistane og Valdres’ eigne krefter i heile spekteret av kammermusikk – frå song med klaver og til store verk med kor og orkester. Eit verdig punktum og ein hjarteleg invitasjon til neste års festival.


 

PROGRAM 

 

Verk av Strauss, Beethoven og Händel. 

 

ARTISTAR

Johannes Kammler, Valdres Kammerkor, Arve Tellefsen, Eldbjørg Hemsing, Ragnhild, Guro Kleven Hagen, Lilli Maijala, Dana Zemtsov, Andreas Brantelid, Dorran Alibaud, Quatuor Arod, TrondheimSolistene, Julien Quentin, Tor Espen Aspaas og Jonas Haltia.

Please reload

 
 
 
 

Følg oss på Facebook og Instagram for oppdateringer.

 

 

 


Trykk her for å se programmet for festivalen 2019. 

  • Facebook
  • Instagram