Hemsingfestivalen 2024

Maxwell Quartet

M axwell Quartet blir rekna som ein av dei beste unge strykekvartettane i Storbritannia, etter at dei vann Trondheim internasjonale kammermusikkonkurranse i 2017 og fekk publikumsprisen. Kvartetten har nær tilknyting til den folkemusikalske arven sin og ønskjer å skape vidtfemnande prosjekt og program for å utvide repertoaret for strykekvartettar.

Kvartetten opptrer jamleg i heile Storbritannia i salar som London’s Wigmore Hall, Purcell Room, Queen’s Hall Edinburgh og Perth Concert Hall. Gruppa har òg reist mykje i Europa og har hatt konsertar i Frankrike, Italia, Tyskland, Nederland, Belgia, Danmark, Noreg og Portugal. I 2019 hadde dei den første turneen i USA, og det førte til strålande kritikkar i aviser som New York Times. Konsertane deira var utselde både i New York, Florida, California and Washington. I 2020 var gruppa på ein 35 dagars turné i USA.

Maxwell Quartet gav ut den første cd-en sin på Linn Records i mars 2019. Han inneheld kjend strykemusikk av Haydn, ved sida av kvartettens eigne komposisjonar baserte på skotsk tradisjonell folkemusikk. Utan unntak fekk cd-en strålande omtaler frå internasjonal presse og vart nummer tre på lista over framståande klassiske verk («classical specialist charts»). I 2021 kom oppfølgjaren Haydn String Quartets opus 74 med folkemusikk frå Skottland. Den vart vald til ein av Apple Musics ti beste album den månaden. Det tredje albumet deira kjem på Linn Records i 2023.

Kvartetten består av fire nære venner som spelte folkemusikk og klassisk musikk saman i ungdomsorkester og musikkskular i Skottland. Dei danna gruppa i 2010, då dei alle gjekk på det kongelege konservatoriet i Glasgow. I 2011 vart Maxwell Quartet utnemnd til husartistar (residency artists) for Enterprise Music Scotland i 2011–2013. Det førte til fleire kritikarroste konsertturnear gjennom to år. Seinare har kvartetten vore sentral på mange festivalar, inkludert deira eigen festival, Loch Shiel, i høglandet vest i Skottland, og eigenkuraterte konsertar på Guardswell Farm i Perthshire. For tida har kvartetten rolla som tilknytt artist (associate artist) ved konservatoriet i Glasgow.

Kvartetten likar å samarbeide med musikarar og utøvarar av andre kunstformer. Han har derfor samarbeidd med artistar og institusjonar frå mange land, som teaterkompaniet Cryptic, installasjonskunstnarar, den kongelege balletthøgskulen, soulduoen Lunir, folkduoen Chris Stout & Catriona MacKay, Den Danske Strygekvartet og mange andre. I tillegg til eit travelt konsertprogram har kvartetten jamleg kurs på skular og konsertar for barn.

Maxwell Quartet har studert med Endellion Quartet gjennom eit mentorprogram for kammermusikk ved King’s Place og privat med Hatto Beyerle, grunnleggjaren av Alban Berg Quartet, i Hannover. Kvartetten spelar på fiolinar av David Tecchler og Giovanni Batista Rogeri, ein bratsj av J.B. Vuillaume og ein cello av Francesco Ruggieri (1670), alle lån frå rause velgjerarar. I tillegg spelar dei på moderne instrument av dei britiske instrumentmakarane Roger Hansell, John Dilworth og David Rattray.

Previous
Previous

Hallgrim Hansegård

Next
Next

Ingvild Tennfjord