Akkordeon/trekkspel

Jo Asgeir Lie

Jo Asgeir Lie (f. 1972) er rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss, i tillegg til å vere ein allsidig musikar, pedagog, komponist og arrangør. Han er opphavleg frå Voss, men har budd i Ål i Hallingdal godt over 20 år.

Folkemusikkgruppa Kvarts har vore ein sentral del av virket hans som utøvar, og med denne gruppa har han gjeve ut ti cd-ar og fått to spellemannprisar. Han er også ein mykje brukt studiomusikar innanfor ei rekkje sjangrar og har medverka på eit 40-tals innspelingar innanfor ulike sjangrar.  

Lie har skrive musikk for ei rekkje ensemble og prosjekt, og han har ein produksjon som inneheld teatermusikk, liturgisk musikk, vokal- og instrumentalmusikk. Særleg er han kjend for arbeidet med å bruke folkemusikk i gudstenestesamanheng. Folkemusikkmessa frå Ål er ein av tilvalsliturgiane for Den norske kyrkja og er mykje brukt rundt om i landet.

Jo Asgeir Lie er utdanna ved Noregs musikkhøgskole i Oslo, med akkordeon/trekkspel som hovudinstrument, og hadde professor Jon Faukstad som lærar. Han har klassisk musikk, folkemusikk og pedagogikk i fagkrinsen, i tillegg til studium i komposisjon og musikkadministrasjon. Han tok hovudfag i folkemusikk i 1998 med trekkspelaren Oddvar Nygaard som emne.

Previous
Previous

Eldbjørg Hemsing

Next
Next

Hallgrim Hansegård