Hemsingfestivalen 2024

Bjørn Kåre Odde

Bjørn Kåre Odde (f. 1990) har sterke røter i folkemusikktradisjonane frå Noreg og er eit nytt ledd i ein lang familietradisjon med felespelarar. Han har utdanning frå Noregs musikkhøgskole og har sidan 2013 vore yrkesaktiv musikar og komponist.

Odde har fått fleire prisar for albuma og komposisjonane sine, mellom anna Folkelarmprisen for albumet Folk Chamber (2021). I 2019 vart han kåra til årets folkemusikar.

Saman med Sivert Holmen har han gjeve ut to cd-ar: Sumarmorgon (2013) og Føreferd (2023). Dei vart kåra til Årets unge folkemusikar 2015 etter å ha vunne konkurransen Introfolk.

Previous
Previous

Sivert Holmen

Next
Next

Stephen Waarts